Leder
Skal vi berre godta at Jesus blir borte i kyrkja?
«Det er forskjell på å selge biler på det å selge Jesus» sa kyrkjerådsleiar Harald Hegstad i ein nyleg Dagsnytt 18-debatt. Utsegna er lett å tolka som ein mild reprimande til ein fyr frå kommunikasjonsbransjen. Eit «du må´kke komme her og komme her», rett og slett.
Kommunikasjonsekspert Peder Tellefsdal har ei bok på trappene, med den engelske tittelen «Rebranding the Church». Sjølv om boka ikkje enno er utkommen, har ho alt vekt debatt og merksemd. Sørlendingen er mild i form, men byr på ein brutal dom.
Kyrkja si formidlingsevne står til stryk, spissformulerer Tellefsdal. Det er slik ein set dagsorden i vår tid.
Problemet? Kyrkja maktar i for lita grad å kommunisera sin «kjernebodskap» ut til eit breitt publikum. Eksperten saknar først og fremst tydeleg tale om Jesus Kristus.
Med kommunikasjonssjargong er dette nemleg kyrkja sitt «unike bodskap» og dermed det som aller mest ressursar må investerast i å få fram. Så flest mogleg får det med seg.
Sjargong eller ei, det er tett på oppdraget Meisteren sjølv spissformulerte for 2,000 år sidan. Gå ut, gjer alle folk til mine disiplar. Døyp dei og lær dei det eg har befalt.
«At det går an å ha en relasjon til skaperen av universet og kjærlighetens opphav, det er helt unikt», nærast ropar den entusiastiske PR-mannen Tellefsdal ut i beste sendetid.
Og det er ei smal sak å vera kritisk til PR-bransjens høgrøysta apostlar. Både dei og deira karikaturar er som ei toreverssky av vitne til våre variable freistnader med å nå ut med ulike bodskapar. Av og til smeller dei til. Det kan vera både fryktskapande og fortærande.
Men debattar er best når ein prøver å sjå litt lenger enn til slike faste formlar.
Slikt engasjement utanfrå opnar for kritisk sjølvrefleksjon. Då kan kanskje også andre enn ekspertane fatta interesse for kyrkja og kva som rører seg der.
Det er nemleg ikkje kvar dag at debatt om kyrkjekommunikasjon når opp i den sekulære nyheitsstraumen.
Ofte vert det sagt at kyrkja er diffus. Det er i seg sjølv ein litt diffus påstand. Tellefsdal gjer i det minste ein innsats for å spesifisera: Når kyrkja ikkje vektlegg det unike, men «fokuserer på ting som veldig mange andre snakker om samtidig i samtida, blir man diffus, og så blir det vanskelig for folk å få tak på hvorfor skal jeg bry meg om kirka.»
Hegstad kontrar på føreseieleg vis. Gudstenesta er kyrkja sin viktigaste arena for kommunikasjon fortel kyrkjetoppen. Undersøkinga til Tellefsdal er dessutan ti år gammal og «det har skjedd en del».
Ropet Rydd veg for Herren! er alltid god kommunikasjon.
Men når det siste momentet blir følgt opp med å visa til ei nyleg flott, fjernsynssendt gudsteneste, og at «undersøkingar viser» at ein god del menneske er innom ei kyrkje i løpet av året, vert det raskt klart at oppspelet frå Tellefsdal ikkje vert utnytta.
Og så er problemet naturlegvis at Tellefsdals terminologi og innfallsvinkel er for enkel for kyrkjerådsdirektøren. Gud er alltid større. Dette handlar om det «dypeste i menneskers liv». Dessutan: «det trengs en bredere kommunikasjon». Kva no det tyder.
Men kva om det faktisk er litt enkelt av og til? Jesus var sjølv ein mann for det kortfatta og råkande, innimellom. «Synda er at de ikkje trur på meg», oppsummerer han ifølgje evangelisten Johannes.
Mannen frå Nasaret viser seg som ein risikovillig kommunikator når han gir folket dei omfattande dokumenta lova og profetane i to punkt: Elsk Herren med alt du er og har og elsk nesten din som deg sjølv.
Utan å hoppa på marknadsførings-køyret: Ein kan jo ikkje utelukka at det faktum at kyrkja synest vera oppteken av alt mogleg anna enn Jesus har negativ effekt. At det er noko av forklaringa på deprimerande SSB-statistikk. Medlemsmassen no er nede i 62,7 prosent og dåpsprosenten er på 50,4.
At gudstenestebesøket stuper, er allment kjent. Ein nedgang på ein million sidan før pandemitida, kan neppe kokast ned til kommunikasjon åleine.
Men det fortener at ein grip dei sjansane ein får til nytenking.
I staden for ei kjølig skulder, slik Vårt Lands bokmeldar gir han, burde Tellefsdal få ros for engasjement og evne til å setja dagsorden på eit svært springande punkt. Viss Jesus forsvinn frå kyrkja sin kommunikasjon, står kyrkja overfor ei akutt eksistensiell krise. Ei som ikkje kan løysast ved endå meir intrikat og introvert teologi.
Ropet Rydd veg for Herren! er alltid god kommunikasjon.