Meninger

JESU GJERNINGAR: Då Jesus var på jorda kunne han berre vera tilstades fysisk ein stad om gongen.

Skal vi virkelig gjøre større gjerninger enn Jesus?

Publisert Sist oppdatert

Den som trur på Jesus skal gjera dei gjerningane som Han gjer, ja faktisk større gjerningar (Joh. 14). Kva meinte Jesus eigentleg då han sa dette i sin avskjedstale?

Jesus som utførte brødunderet, dreiv ut demonar, vekte Lasarus opp frå dei døde. For det første; legg merke til at det står «gjerningar» og ikkje «under». Når det er sagt så kan Den Heilage Ande gjennom oss utføra under også i dag. Vidare seier Jesus at han går til sin far.

Då Jesus var på jorda kunne han berre vera tilstades fysisk ein stad om gongen. No sit han ved Gud Faders høgre hand, og har gitt oss kraft og mynde til å spre den glade bodskapen om hans oppstode til heile verda. «Større» refererer til rekkevidden av vårt arbeid.

I det siste har eg blitt både inspirert og utfordra i måten me arbeider på og tenkjer på i arbeidet vårt. Eg har både lært og erfart at det er meir berekraftig å fremma Guds rike ved å istandsetja andre til teneste; gjera andre til heltar, og heia dei fram, i staden for å tenkja alt Gud kan utretta gjennom meg. Du og eg er del av eit oppdrag som er større enn nokon av oss kan utretta på eiga hand, uansett kor begava me er.

Ta draumen din og gong den med hundre eller tusen. Då skjønar du at me må arbeida på anna vis for i større grad å realisera draumen. Eg rekk berre å gå tett med nokre få. Men eg kan faktisk gå tett med nokre få – om eg vil. Så kan eg utfordra på kven dei igjen vil gi det vidare til (2. Tim. 2,2). Slik kan disippelskap skje over fleire generasjonar, og me får også ein multipliserande måte å arbeida på, som gir resultat og rask vekst.

Under IMS sitt årsmøte laurdag samtala me om desse tinga. Mange delte rundt bordet korleis dette har sett ut og kan sjå ut i deira liv. Det handlar om å gi Ordet vidare til barn og barnebarn, på same måte som dei sjølv fekk det frå foreldra. Det handlar om å gå saman to og to, og gjerne sjå yngre som ein kan læra opp til nye oppgåver. Me ynskjer å visa tillit til og gi rom for nye.

Større forsamlingar kan vera ressurs for mindre. Kven kan me vera medvandrar for, som igjen kan vera det for andre? Det handlar om å opna heimane. Ein viser eit eksempel, som igjen gir inspirasjon til andre.

«Følg meg», sa Jesus. Han sa det til nokre uutdanna fiskarar som ingen kjente til. Jesus såg gåva i folk, gav dei rom og tru. Han sa ikkje «følg meg, og sjå kva Gud kan gjera gjennom mitt leiarskap». «Som Far har sendt meg, sender eg dykk», sa han (Joh. 20,21). Korleis kan dette sjå ut i ditt liv?

Powered by Labrador CMS