Debatt
ALKOHOLFRI FERIE: Dei beste opplevingane har ein saman, og barn trivst best saman med edru vaksne, skriv IOGT.
Joakim Nilsson / NTB
Skap gode sommarminne saman med borna
Dei fleste nordmenn meiner at ein bør la vere å drikke alkohol når ein er saman med barn. Ved ei ny nordisk undersøking – «Alkoholindex 2021» – svara 91 prosent av nordmennene at det er feil å vere alkoholpåverka når ein er saman med barn. Cirka 85 prosent av svenskane og finnane svara det same, medan under 70 prosent av danskane meinte det same.
Jamvel om dei fleste nordmenn vil la vere å drikke alkohol når dei er saman med barn, er det ein del som nyt alkohol også når dei er saman med barn. Ofte er alkoholkonsumet stort på ferieturar. På utanlandsreiser er det ofte lett tilgang på billig alkohol.
IOGT er ein rusførebyggjande organisasjon. IOGT Region Midt-Norge, som dekkjer Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland, har no standar fleire stadar i regionen. Det vert særleg fokusert på alkoholkonsumet i sommarferien og den utryggleiken mange barn opplever i den samanheng.