Synspunkt
SKAPINGSLÆRA: Det undrar meg stadig at det skal vera så om å gjera å få bibelsk skapingslære og vitskapleg evolusjonsteori til å gå i hop, også frå hald som definerer seg som teologisk konservative og bibelforplikta, skriv Johannes Kleppa.
Odd Mehus
Skaping og evolusjon – konflikt?
Når ein let fagområde utanfor Skrifta, slik som naturvitskapen, vera lyskastar inn over Skrifta, kjem ein ofte ut med meir omtolking og bortolking enn sunn utlegging av Guds ord.
Det undrar meg stadig at det skal vera så om å gjera å få bibelsk skapingslære og vitskapleg evolusjonsteori til å gå i hop, også frå hald som definerer seg som teologisk konservative og bibelforplikta.
Etter mi vurdering endar det alltid anten i at ein ikkje kjem til rette med det Bibelen seier om skapinga, eller så omtolkar ein den rådande evolusjonslæra slik at fagfolka på området ikkje vil gå god for det. Med tanke på apologetikk og hjelp til unge kristne, særleg studentar, vert begge delar omtrent like gale.
Professor i fysikk, Sverre Holm, har sett seg føre å påvisa at det som vert påstått å vera ein konflikt mellom naturvitskap og Gud, er ein innbilt konflikt. Det klarer han på mange måtar å gjera, både når ein ser historisk og prinsipielt på spørsmålet.