RUSS: Kjære regjering. Hjelp oss å bremse festen. Set ned grenser for kva barn kan sjå på sosiale media. Eg vil at ungdommane mine skal verta skotsikre att, skriv Kari Skårland Susort.

Skotsikker ungdom

Publisert Sist oppdatert

«Om jeg kunne gjør deg skuddsikker

Gjøre sånn at dritten bare

Preller av

Men det er dessverre bare meg

Det er bare pappa»

Nydelege strofer frå Trygve Skaug som eg trur beskriv kjensla mange foreldre i min generasjon sit med om dagen, foreldra til unge vaksne i 2024.

For litt sidan vakna eg opp til nyheiter frå mitt område, Jæren. Bilete av to unge russegutar lyser mot meg frå nyheitene. Dei står fram sjølvsikre, med hendene i lommane, rolege og stolte over sitt verk: Ein russebuss pryda med ei jente og ein gut som har sex i det offentlege rom. Dei vil ha merksemd, og seier det like ut. Dei seier at dei ønske å fange den gjennom å vera «drygast mogleg».

Ei mor har tydeleg prøvd å seie at det ikkje er det beste biletet dei kunne valt, og bedt dei ta det vekk. Det vert avfeia med at det dei gjer er lovleg.

Korleis reagerer me som står rundt på dette?

– Ordføraren i Time kommune svarer på innlegget at han ikkje vil ha med barna og sjå russetoget i år.

– Politiet svarer at bussens «design» ikkje dannar grunnlag for å opprette straffesak.

– Kvinnegruppa Ottar har vidaresendt melding av illustrasjonen som dei meiner bryt med straffelovas §317 og §318 om pornografi og utstillingsforbod av den.

Statsminister Støre vel og å kommentere til VG, med det eg gjenkjenner som ein fars/bestefars touch av avmakt: «Det er ikke mitt bord som statsminister å avgjøre hvordan en russebuss skal se ut, og hva som er innafor og ikke. Er det i strid med loven, så er det noe politiet må avklare.»

– Regjeringa vår har foreslått at russefeiringa bør utsetjast til etter eksamen, og prøver å setje nye rammer.

– Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og familieminister Kjersti Toppe presenterer tiltak for å få roa ned russefeiringa.

– «Foreldre må bli en festbrems. Og vi i regjeringen er en festbrems.» sier Nordtun.

Eg arbeider med sårbare barn og ungdom ved sida av å vera mor til tre born i denne aldersgruppa. Det er for meg svært tydeleg at me held på å få ei ny norm for styring i samfunnet vårt. Ein norm som seier at ein skal navigere på kjensler, ikkje etikk.

Ein norm som seier at desse kjenslene skal får råde over kva me før oppfatta som rett og gale. Kjenslene skal få råde over tanken om fellesskapets beste, dei skal til og med råde over kva far og mor seier.

Denne nye norma kjem frå den vanvitige påverkinga barn vert utsett for på sosiale media, og vår aukande avmakt i møte med den!

Forelder mister foreldreautoriteten til borna sine gjennom sosiale mediums mantra: «det som kjennes godt ut for meg, det har eg rett til å gjere!»

Så kan du kanskje tenkje at russ er myndige og snart vaksne. Ikkje ta dette så alvorleg, ungdom er ungdom. Men me må ta dette alvorleg. Alle tal peikar i den retning. Aldri før har det vore så mange abortar, så mange overdosar, så mykje vald i landet vårt.

Hjerneforskinga viser at hjernen til ein gut ikkje er utvaksen før han er 30. Og forskinga viser at tryggleik og gode grenser er det som gir dei beste møta med vaksenlivet.

Kjære regjering. Hjelp oss å bremse festen. Set ned grenser for kva barn kan sjå på sosiale media. Eg vil at ungdommane mine skal verta skotsikre att.

Powered by Labrador CMS