Meninger
Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft
Eg vaks opp på Ganddal med NLM-bedehuset, Ebeneser, som min åndelege heim, og takkar Gud for den rike arven eg fekk med meg i ungdomstida. Skrifta åleine, trua åleine og nåden åleine er stikkord i det eg fekk del i. Emissærane og heile miljøet på bedehuset lærte meg å lita på Bibelen som Guds ord. Les som det står og tru som det står, var grunntonen. Den heilage Skrifta var grunnlaget for trua og vissa om frelse.
Vi «såg» oss frelste i Ordet. Det var gjennom Bibelen vi lærte Gud og hans vilje å kjenna, og det var viktig å bøya seg for Ordet i alle ting. Bibelen var den trygge rettesnora for liv og lære. Slik er det framleis for meg, og eg takkar NLM for denne gode arven.
No til dags forundrar det meg at mange kristne, dessverre også folk i NLM, tek svært lettvint på orda i Bibelen.
Den debatten som i det siste har gått i dei kristne dagsavisene om underordning viser dette tydeleg. Til og med ein lærar ved Fjellhaug Internasjonale Høgskule avviser det Bibelen seier om at ei kvinne skal underordna seg mannen sin, slik kyrkja underordnar seg Kristus.
Det faktum at mange som kallar seg kristne, mellom anna biskopar, prestar og frikyrkjelege pastorar, omfamnar skeiv livsstil og samkjønna «ekteskap», viser også at orda i Bibelen ikkje har noko tyngde for dei.
Guds lov og dei bibelske formaningane kan ikkje avskaffast berre fordi dei ikkje passar med kulturen vi lever i.
Somme set skriftord opp mot kvarandre og let nokre bibelske perspektiv slå andre i hel. Dette må jo vera feil bruk av Bibelen. Andre bruker dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene til å avvisa og bortforklara det apostelen Paulus seier om Gud som hovud for Kristus, Kristus som hovudet for kvar mann og mannen som hovud for kvinna. Dette kan jo ikkje vera rett, for Bibelen som er Guds ord står sjølvsagt over alle trusvedkjenningar. Skrifta åleine!
Jesus Kristus er nøkkelen til å tolka Skrifta rett. Han seier at Skrifta ikkje kan setjast ut av kraft. Vi må forstå GT slik Jesus og apostlane lærer oss å gjera og la Bibelen forklara Bibelen. Guds lov og dei bibelske formaningane kan heller ikkje avskaffast berre fordi dei ikkje passar med kulturen vi lever i. Apostlane var ikkje styrt av kulturen i si samtid, men let tankar og haldningar formast av Guds ord og ordningar.
I våre dagar er det populært å finna nokre overordna prinsipp som dei gjer til tolkingsnøklar som dei bruker til å annullera orda i Bibelen.
Det er farleg å bruka menneskelaga teologisk tanke og prinsipp til å avskriva det Bibelen verkeleg seier. Ein rett bibeltruskap må føra til at vi avviser denne måten å behandla Guds ord på. Slike overordna teologiske prinsipp gjer det mogleg for folk å forma si eiga tru på kva som er rett og gale på tvers av orda i Bibelen.
Bibelen seier at Gud er kjærleik, men det er feil å gjera dette til eit overordna prinsipp som avviser det Bibelen seier om synd og styggedom. Biskopane har vorte flinke til å godkjenna det Bibelen forbyr, men det er ikkje rett av den grunn!
Vi må ta orda i Bibelen på alvor om vi skal vera bibeltru, ha ein sunn teologi og kunna leva rett og godt til Guds ære.