Meninger
BIBELTRUSKAP: Somme set skriftord opp mot kvarandre og let nokre bibelske perspektiv slå andre i hel, skriv Erling Thu.
Odd Mehus
Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft
Eg vaks opp på Ganddal med NLM-bedehuset, Ebeneser, som min åndelege heim, og takkar Gud for den rike arven eg fekk med meg i ungdomstida. Skrifta åleine, trua åleine og nåden åleine er stikkord i det eg fekk del i. Emissærane og heile miljøet på bedehuset lærte meg å lita på Bibelen som Guds ord. Les som det står og tru som det står, var grunntonen. Den heilage Skrifta var grunnlaget for trua og vissa om frelse.
Vi «såg» oss frelste i Ordet. Det var gjennom Bibelen vi lærte Gud og hans vilje å kjenna, og det var viktig å bøya seg for Ordet i alle ting. Bibelen var den trygge rettesnora for liv og lære. Slik er det framleis for meg, og eg takkar NLM for denne gode arven.
No til dags forundrar det meg at mange kristne, dessverre også folk i NLM, tek svært lettvint på orda i Bibelen.