For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Leder

DEN GODE AUTORITETEN: Skal ein løysa problema i norsk skule, må vi gå djupare enn til ein ny bemanningsstategi, skriv Dagen på leiarplass.

Skulen har ikkje først og fremst ei rekrutteringskrise. Men han står veldig tett på ei autoritetskrise.

Publisert Sist oppdatert

Med ny haust og ny skulestart, følgjer rapportar om frustrerte lærarar som opplever ein stadig veksande avstand mellom deira kvardag og det som dominerer skulepolitikk og opplæringslov.

Personlege historier frå dei tallause lærarane som har valt vekk kallet til klasserommet, er dessutan eit anna refreng i ei litt sorgtung skulevise. Om ein trur at problema i norsk skule er eit spørsmål om rekruttering, må ein likevel tenkja om igjen. Vi skal komma tilbake til det.

La oss på vegen dit svinga innom «Anne», ein lærar som Aftenposten nyleg fortalde om. Eit stolt fagmenneske med fartstid og formidlingsglede i klasserommet. Ein vanleg dag på jobben vart ho kalla inn på rektors teppe med bakgrunn i klagar frå elevar. Dei skulda henne for krenkingar.

Powered by Labrador CMS