For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

ANNE KRISTIN BRUNS: 2. kandidat, Stavanger KrF.

Skulen treng noko anna enn gratis mat

Publisert Sist oppdatert

«Eg veit ikkje om eg klare å halde ut å vere lærar til eg er pensjonist. Det er så krevjande og eg bruke nitti prosent av tida mi på to elevar, medan dei andre må klare seg sjølv. Det slit så på trivsel og motivasjonen.» Sitatet kjem frå ein lærar som har lang fartstid i skulen. Ho er ein einar i det pedagogiske opplegget og elskar det å vere lærar. Mange seier at dei har erfart ei endring etter pandemien. Det har blitt meir utfordrande situasjonar i klasserommet.

Då treng vi kanskje å styrke laget rundt læraren. At den gode læraren har solide støttefunksjonar, menneskelege ressursar og rettleiing lett tilgjengeleg med kort veg til å få den hjelpa dei treng. Læraren er ein pedagog, dei kan yrket sitt, men pedagogen kjem langt ned på lista over ting som skal gjerast. Konfliktløyser, rettleiar, trøystar, vakt etc.

Dersom ein gav læraren tid til dei oppgåvene han/ho er utdanna til, og slapp til fleire yrkesgrupper i skulen, som til dømes helsesjukepleiar og miljøterapeut, så ville verknaden vera auka læring og trivsel for eleven, og betre arbeidsvilkår for læraren. Kanskje ville fleire då orke å stå i arbeidet heilt til pensjonsalder.

Powered by Labrador CMS