Slave og fri
I det usbekiske huset får ikkje kvinnene kome ut i det heile, blir eg fortalt.
Påska handlar om han som kjøpte oss fri, men midt i påskeveka møtte eg vår tids slavar. Det skjedde i påska i fjor, då eg var på ferietur til Kasakhstan for å vitje slektningar.
Dette året fall påska etter vestleg kalendar saman med nowrus, vårfesten som blir feira over heile Sentral-Asia, og som har opphav i persisk nyttår. Og akkurat dette året kom verkeleg våren under newros. Almaty syda av liv.
Livleg var det også på Alten Orda, den tradisjonelle basaren som ligg like ved ei av innfartsårene til byen. Her kan folk kjøpe alt dei treng, slikt som billeg sportsutstyr frå Kina, dyreskrottar, hestemjølk og finhakka, koreanske salatar.
Alten Orda betyr gullplassen, men det er ikkje gull alt som glimer. Her blir det ikkje berre selt mat og kle. Også menneske er til sals. Bordella ligg like ved hovudvegen, lett tilgjengeleg for menn på gjennomreise.
Du må vite kva du skal sjå etter. Blåøygde nordmenn overser gjerne teikna på at noko er gale. Difor hadde eg med meg lokalkjende. Den første plassen vi gjekk inn, såg ut som ein sliten kafé. Rett innanfor døra var ein resepsjon. Bakanfor var ein lang korridor med mange dører.
Vi bestilte te og let som vi ikkje merka dei skeptiske blikka til resepsjonisten. Til kafé å vere hadde dei lite mat på menyen. Derimot var der eit glasskap med hygieneartiklar.
Toalettpapir, bind, papirserviettar og deodorantar. Eit underleg utval for ein kafé, men ikkje for eit bordell. Brått gjekk ei av dørene i korridoren opp, og vi såg rett inn i eit lite rom der ei kvinne sat på ei uoppreidd seng.
Kasakhstan er både eit mottakarland, eit transittland og eit sendeland når det gjeld prostitusjon og tvangsarbeid, ifølgje 2016-rapporten om menneskehandel frå det amerikanske utanriksdepartementet.
Hit kjem kvinner frå den kasakkiske landsbygda eller frå Usbekistan og andre sentralasiatiske land, lokka av fagre løfter om fine jobbar. Nokre av kvinnene blir utnytta i sjølve Kasakhstan. Andre blir selde vidare til Midtausten, Europa og USA.
Truleg kjem nokre av kvinnene til skysstasjonen ved Alten Orda. Her køyrer bussar til og frå den kirgisiske grensa. Det er ein mistrøstig plass. Lave murhus med bølgeblekktak ligg langs ein gjørmete grusveg.
Også her er det bordell. Det eine held til i eit kontainerhus. To unge jenter står i porten og diskuterer med eit par menn då vi går forbi. Lenger borte ligg det usbekiske huset. Der får ikkje kvinnene kome ut i det heile, blir eg fortalt.
Eitt år etter er eg på konsert i St. Jakobskyrkja i Bergen, arrangert av For Freedom, ein internasjonal kampanje mot moderne slaveri.
Grunnleggaren Ben Cooley snakkar om kvinner, menn og barn som dei har klart å setje fri frå prostitusjon og tvangsarbeid. Og om Han som kom for å kjøpe oss alle fri, fordi vi alle var slavar av synda, før Jesus gjekk i døden for oss. Han snakkar om han som er lyset i verda.
«Eg ser lyset», seier Ben Cooley igjen og igjen. Han veit at mange berre føler avmakt ved tanken på vår tids slavar og ville få oss til å forstå at kampen mot slaveri nyttar. Eg tenkjer på kvinnene i det usbekiske huset, som ikkje får lov å gå ut. Måtte dei snart få sjå lyset i det mørkret dei er fanga i.
Jesus sa at han var komen for å forkynne ein god bodskap for fattige. Han var send for å rope ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setje undertrykte fri og rope ut eit nådeår frå Herren. Og han heldt ord. Jesus held alltid ord. Han gjekk i døden for alle dei undertrykte.
Han vart hengd på korset, for at fangar skal få fridom og blinde få sjå. «De er kjøpte og prisen er betalt», står det i Korintarbrevet. Det gjeld for dei usbekiske kvinnene på skysstasjonen ved Alten Orda også. Jesus døde for dei, men dei veit det ikkje enno, for dei er innelåste. Dei er slavar.
Ei av kvinnene frå kontainerhuset kom bort til oss. Vi hadde kjøpt oss meir te, for å ha eit påskot for å setje oss ned utanfor endå ein sliten kafé. Kvinna kjende ho som følgde meg denne dagen. Lokale kristne kjem regelmessig til Alten Orda.
Særleg på raude dagar i kalendaren, slik som newros eller påske. Når kasakkar flest feirar fridagane sine, oppsøkjer kristne frivillege medarbeidarar bordella for å dele ut blomar eller god mat.
Dei gjer det sjølv om dei jamnleg blir utskjelt og trua av hallikar og bordelleigarar, for dei vil så gjerne gjere godt mot desse kvinnene som opplever så mykje vondt.
Over tid byggjer dei tillit hos kvinnene. Slik får dei også høve til å tilby helsehjelp, fortelje at det finst trygge hus der kvinnene kan kome og bu – og vitne om Han som alt har kjøpt dei fri.
Og dersom den dagen skulle kome, at også dei innelåste kvinnene i det usbekiske huset får kome ut, vil vonleg nokre av desse lokale eldsjelene vere der og vente på dei – slik at dei får hjelp til å ta dei første stega ut i fridomen og inn til Frelsaren.