Slik dei gjorde med Hans Nielsen Hauge
Ein biskop samanlikna Hans Nielsen Hauge med den ideologiske grunnleggjaren av IS. På liknande vis brukar autoritære herskarar i dag kampen mot ekstremismen som påskot for å knebla religiøst liv.
For vel 200 år sidan utfordra den vandrande predikanten Hans Nielsen Hauge statsreligionen. Han braut Konventikkelplakaten som kravde at all forkynning skulle godkjennast av presten.
Ofte kom så presten med lensmannen på slep til samlingane til Hauge. Han hamna i arresten nokre veker ti gonger på sju år før 1804. Folket skulle tru slik makta ville folket skulle tru.
I 1804 hadde biskop Peder Hansen i Kristiansand fått nok. I eit harmdirrande brev til Det Danske Kanselli åtvara han på det sterkaste mot Hauges «fanatiske lære». Biskopen refsa «svermeren» og emissærane hans.
Dei skapte «mistillit mot Statens øverste autoriteter og særlig lærerstanden» – det var prestane biskopen var uroleg for. Faren var uhyrleg, for det ser «ut som Hauge har valgt å ligne muhammedaneren Abdul Vechab».
Abdul Vechab heitte eigentleg Muhammad ibn Abd al-Wahhab. Han grunnla wahabismen, den svært strenge og «reinsa» forma for islam som vart statsreligionen i Saudi Arabia. Frode Ulvund har i Historisk Tidsskrift vist at dei skremsla som sultanen i Istanbul stod bak mot wahabismen, stod i avisene på tida Hauge var predikant og samfunnsbyggjar.
Biskopen brukte det farlegaste dømet på religiøs fanatisme han visste om for å verna om det statlege religionsmonopolet. Tek vi biskopens samanlikning inn i vår tid, likna altså Hauge på mannen som vart ideologisk grunnleggjar av terrorrørsla IS.
Oskar Skarsaune, professor i kyrkjehistorie, har i boka «Etterlyst: Bergprekenens Jesus» henta fram att samanlikninga. I boka med undertittelen «Har folkekirkene glemt ham?», set Skarsaune fingeren hardt på dei ømmaste punkta i vestleg og norsk kyrkjearv. Romaren Konstantin bygde kyrkje med keisarmakt.
Her i landet bygde vi kyrkje og tru på hardhendt kongemakt. Dåp var pålagt. Det var formelt nattverdtvang heilt fram til 1903. «På noen områder, for eksempel i kampen for religionsfriheten», finnes det større helter enn Luther», skriv Skarsaune.
Den pensjonerte prestelæraren Skarsaune tek oppgjer med historia, tvangen, presset og tradisjonen, med folkekyrkjetanken og privilegia til Den norske kyrkja. Han meiner arven frå den kongestyrte kyrkja lever vidare i beste velgåande i dag og at minoritetar blir definerte ut av folket når Den norske kyrkja – etter det sokalla skiljet frå staten – framleis blir kalla «Norges folkekyrkje». Han skriv jamvel at det er sunt at talet på døypte i Den norske kyrkja går ned. Her ligg det mykje stoff til debatt for mange.
Vi vender tilbake til korleis statsmakt og prestestyre øydela helsa til Hauge i ei fengselscelle mellom 1804 og 1811 og med to års slaveri frå 1813.
Det er ikkje nøyaktig det same dei held på med i dagens Iran. Men noko liknar. Sentrale leiarar for raskt veksande huskyrkjer er nyleg dømde til 10 og 15 år i fengsel. Den mest kjende skal også sona to års indre eksil. Regimet fryktar huskyrkjerørsla som ikkje bøyer seg for statsreligionen.
Det iranske prestestyret er sjølvsagt hardare og meir avansert enn den dansknorske kongemakta var. Regimet overvakar, arresterer, avhøyrer og psykologisk mishandlar langt fleire enn dei sentrale leiarane. I Noreg var det Hauge som blei knebla. Men noko liknar likevel. Kongens embetsmenn måtte senda rapportar om Hauge som «spinner sitt nett over Norges rike», ifølgje biskopen. Arven er ikkje god.
Kina brukar i dag frykt for ekstremismen som orsaking for å ta statleg kontroll over all religionsutøving. Styresmaktene riv ned krossteikn av kyrkjebygg til den statsgodskjende Tre sjølv-kyrkja. Regimet både stengjer og sprengjer kyrkjer som ikkje vil vera kontrollerte av regimet.
Den russiske kriminaliseringa av misjon i 2016 kom i ei pakke med lover som skulle verna landet mot terrorisme. I prinsippet kan alle religiøse ytringar som ikkje er godkjende, straffast. Putins kamp mot ekstremismen rammar vanleg utøving av tru.
Det er sjølvsagt skilnader mellom Putin og den dansknorske kongen for 200 år sidan. Men åtvaringa mot ekstremisme har element som liknar. Og Putins inngrep rammar minoritetar som den statslojale ortodokse kyrkja ser på «som ugras», for å låna orda til Trond Bakkevig. I Noreg gjekk det 40 år frå biskop Peder Hansens varsku mot «svermeren» Hans Hauge, til det norske «ugraset» fekk starta frikyrkjer.
Myanmar har gjort framsteg. Men rohingya-folket veit altfor mykje om at minoritetane slit. Kristne barn i den fattige Chin-delstaten vert lokka med gratis skulegang på spesialskular. Der vert dei utsette for hardt press og sterke lokkemiddel. Blir dei buddhistar, får dei gode jobbar i det offentlege.
Det er ein hardhendt politikk for å få minoritetar til å gje opp kultur, religion og språk og bli eitt med majoriteten. Også i Pakistan blir minoritetsbarn ofte utsette for utstøyting, trua deira blir kalla «skitten» og dei møter press til å bli muslimar.
På vår naudsynte og opprørte reise for å fortelja Myanmar og Pakistan at dette er uakseptabelt, må vi ikkje gløyma vår eiga historie. Vi har ein vond arv også her.
Under fornorskingspolitikken mot samar og kvenar frå midten av 1800-talet vart våre eigne minoritetar utsette for uakseptable tiltak for å gje opp tru, språk og kultur. Stortinget har nyleg, gledeleg nok, sett ned ein sannings- og forsoningskommisjon, leia av Dagfinn Høybråten.
Å feia skikkeleg for eiga dør kan gje oss skjerpa blikk og større truverde i kampen for barns trusfridom og minoritetane sine rettar andre stader.