Debatt
BERGEN: – Vi trur modellen for Bergen Kristne Bokhandel kan vera aktuell for fleire, skriv Johannes Kleppa og Tarald Ueland.
Kenneth Fjell Rasmussen
Slik kan den kristne bokhandelen overleve
Kristen litteratur har lenge vore viktig i norsk kristenliv, særleg i lekmannsarbeidet. Det starta med Hans Nielsen Hauge. Han hadde ein enorm produksjon, og selde ei ufatteleg mengd med bøker. Det skjedde på hans og andre haugianarar sine preikeferder. Seinare kom det fleire forfattarar til, og vi fekk forlag og bokhandlar.
Ein liten generasjon tilbake var det kristne bokhandlar spreidde rundt omkring i heile landet. Etter kvart måtte den eine etter den andre gje seg, og no er det svært få att. Med sorg las vi at no vert både Drammen og Kristiansand uten kristen bokhandel. Vi veit at også fleire andre slit, og det er fare for at fleire går inn.
Den kristne boka står i ein kjede. Det er forfattar, forlag og bokhandel. Når eit av desse ledda slit, er det den kristne bok det går ut over. Forfattar, forlag og bokhandel treng kvarandre – ja, er avhengig av kvarandre. Rett nok kan bøker også seljast på nettet, på møte og andre arrangement, men det er bokhandelen som er den store salskanalen, og anna sal skjer gjerne knytt til ein bokhandel. Dessutan har bokhandelen også ein funksjon som møtestad mellom folk og litteratur.