Leder
STORSAMLING: The Send og The Send Local samla tusenvis av deltakarar i 2022 og 2023. Kritikken mot arrangementa verkar i etterkant lite treffande.
Alice Tegle
Sofie Braut: The Send-kritikken bomma
Dei norske The Send- arrangementa vart svartmåla i forkant. Nylege svar frå studentundersøking tyder på at kritikarane var prega meir av frykt enn av fakta.
Alt ni månadar før den norske versjonen av misjonsmobiliseringa The Send gjekk av stabelen i Telenor Arena i juni 2022, starta Helge Simonnes det som skulle visa seg å bli ein omfattande debatt knytt til arrangementet.
Simonnes uttrykte uro for at populistiske straumdrag ville følgja med på lasset frå det store utlandet. Arrangement med titusenvis av frammøtte, først i Miami (2019) og seinare i Sao Paolo (2020), vart gjort til døme på kor usunt The Send i realiteten var.
Tankegangen frå Simonnes' bok «En Gud for de mange – vær varsom med det åndelige språket» (2016), vart her aktualisert inn i norsk kristenliv. Målet var truleg aktverdig nok: Å forhindra unge frå å brenna seg på ukontrollert misjonsbrann som kunne oppstå i ein slik atmosfære.