Debatt

FRODE BØTHUN: Gruppeleiar i Sogndal KrF.

Sogndal: Bom – prøv igjen. Om trusfridom i skulen

Publisert Sist oppdatert

I Sogndal kommune får ikkje lenger elevar i grunnskulen samlast til kristne lagsmøte i friminutta. Det er heller ikkje lov å henge opp informasjon om arrangement som har religiøst innhald, t.d. barnelag eller kor, på skulane sine oppslagstavler.

Kristeleg Folkeparti vil ikkje ha det slik. Vi ønskjer eit livssynsope samfunn, der menneske med ulike religionar og livssyn kan praktisere trua si, side om side og lære om og av kvarandre. Slik aukar vi forståinga for kvarandre og respekten for likskapar og ulikskapar mellom oss. Då kan vi ikkje framstille kristendommen eller andre livssyn som noko skummelt, støytande og noko ein må leggje att heime.

Dette var bakgrunnen for mine spørsmål i formannskapet 15. september. Det tok ei heil stund før eg fekk svar – forbilledleg nok valde skuleleiinga i kommunen å kvalitetssikre vurderingane sine for å forsikre seg om at avgjerda deira var rett. Det var ein klok tanke. Resultatet av kvalitetssikringa set eg likevel fleire spørsmålsteikn bak.

Avgjerda er ikkje endra. I staden vert det lista opp ei rekke paragrafar som skal støtte forboda. Etter mi meining er både vurderingane og grunnlaget dei byggjer på svake. Det vert vist til opplæringslova §2-3 og 2-4. Desse er irrelevante for desse sakene (slå dei gjerne opp).

Sogndalsskulen sitt svar er: Alt er ulovleg – uansett.

For å støtte forbodet mot informasjonsplakatar vert det vist til § 9-6, som omhandlar kommersiell reklame og reklame som i stor grad kan påverke haldningar, åtferd og verdiar. Allereie her bør ei nøktern vurdering gjere at oppslag det her er snakk om aldri burde vore forbode.

Er ein likevel usikker, kan ein ta til seg direktoratet si tolking av forskrifta som seier at det skal ein god del til før skoleeier er pliktig til å skjerme elevane for dette. Sogndalsskulen sitt svar er: Alt er ulovleg – uansett.

Døma skuleleiinga dreg fram i svaret sitt er frå 2009. I 2018 oppmoda eit samla Storting kunnskapsministeren å gå i dialog med KS og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar for å sikre borne- og ungdomsorganisasjonar tilgang til offentlege bygg og unngå at skuleeigarar bidreg til usakleg forskjellsbehandling ved utlån.

Statsråden, LNU og KS konkluderer stikk motsett av det skuleleiinga i Sogndal kommune gjer – og ber skulane opne klasseromma – også i skuletida – for ungdomsinitierte aktivitetar, fordi dei unges engasjement er grunnleggjande for et aktivt og inkluderande lokalmiljø og lokalsamfunn.

Denne tydelege oppfordringa frå statsråd og LNU – forankra i Stortinget, ser ikkje skuleleiinga ut til å ha teke omsyn til i det heile.

Dårlege vurderingar gjort på svakt grunnlag har ført til ei avgjerd som ikkje står seg. Det er all grunn til å gjere nye vurderingar – og ta gjerne dei det gjeld med på råd.

Powered by Labrador CMS