| Kommentar
Solvang står skolerett og Debatten døyr litt. Er det slik vi kvinner vinn?
Ein feminisme som er dyr i drift
DEBATT MED FEMINISTISK VRI: Fredrik Solvang forsvarte seg tysdag mot påstandar om å operera ut frå kjønnsstereotypiar.
Heiko Junge / NTB
Tysdagens Debatten på NRK kom med ein varsla twist. I opningsnummeret tok nemleg programleiar Fredrik Solvang sjølv plass som debattant.
Som talspersonar for landets kvinner sto Anette Trettebergstuen og Ida Lindtveit Røse saman på motsett side. Dei to skulle få eksaminera programleiaren som ei veke før hadde blitt skulda for å trø feil på ein arena der ein mann i dag knapt kan trø rett.
Det han hadde gjort, var å konfrontera nyslått familieminister Lene Vågslid med ein historikk der ho ved nokre tidlegare høve, i rolla som stortingsmedlem, hadde takka nei til å stilla nettopp i Debatten. Grunngjevinga var at ho trong å vera heime med dottera.