| Debatt
Som kristne skapar eit kristeleg miljø, skapar ateistar eit ateistisk miljø
UTOPI: Eit livssynsnøytralt miljø er det uråd å skape, skriv Audun Aase.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Human-Etisk Forbund har køyrt veldig på det å få all forkynning ut av skulen, der det heller ikkje skal vere rom for frivillig deltaking ved gudsteneste. Men er det skikkeleg gjennomtenkt?
For å leggje til eit argument for dei, så burde religiøse skrift som Bibelen også ut av skulen for å sikre at all forkynning blir borte. No kjenner ikkje eg KRLE-faget, men for å gje eit bilde av dei ulike religionane, så blir det vel lese eksempel på det frå desse skriftene. Og det er forkynning. Bibelen møter lesaren som forkynning. Mange blir kristne ved rett og slett å lese i Bibelen.
Det Human-Etisk forbund ikkje ser ut til å ha teke inn, eller vil ta inn, er at det same også gjeld på den andre sida, altså der det ikkje er rom for kristen forkynning. Ein skule der all kristen forkynning er stengd ute, der forkynner miljøet ateisme eller agnostisisme. (Dette har dei visst heller ikkje innsett, dei som står bak den nye skulelova.)