Debatt

SONG SOM LIVSGLEDE: NRKs Demenskoret i desse dagar, syner tydleg kva innlærte songar i barn- & ungdomsår gir av livsglede i eldre år, skriv Harald Myklebust.

Songen – sjelas ekko-kammer

Publisert Sist oppdatert

Augo speglar sjela, vert det sagt, både på godt og vondt. Men som det også vert sagt: «Det hjarte er fullt av, renner munnen over med» (m.a. Matt 12,34). Kan vi seie det slik: Songen er sjelas ekko-kammer?

Kvar er så songen vorte av mellom oss i dag? Har vi overlate det til dugande songartistar som oppvartar oss via scener og cd-ar eller over tv/nettet? Vi kan berre ta imot eller bli medrivne i meir eller mindre ekstatiske uttrykk i saman med andre? Men: Kvar vert fellessongen av?

Den er i krise, folkesongen tagnar, dels på grunn av det framfornemnde, men også fordi vi ikkje lenger har ein felles songpreferanse. Eg vil likevel ta med to levande songtradisjonar som den dag i dag er tydelege: Song-entusiasmen som til dømes stråler ut på Brann Stadion, eller vi kan vere saman med lovsong-engasjerte rundt om i ulike kyrkjer og forsamlingar. Men begge stader har eit svært avgrensa tekstområde. Og likevel: Eit ekkokammer frå det som opptek og engasjerer ein.

– Men kvar er den folkelege fellessongen vorte av, som vert nytta i ulike samfunnslag, der vi kjem saman, ved høgtider og festlege samkommer, nasjonalfeiringar, i samfunnshus, kyrkje og bedehus?

I vår kultur var skulen og læraren ein sentral formidlar av vår songskatt: Folkelege songar, salmar og viser. Men kva skjedde for snart 20 år sidan? Jau, songen vart brutalt teken bort frå allmennlæraren si verktøykasse. Ein kunne velje songen bort i sin profesjonelle lærarutdanninga, på grunn av akademiseringa til fordel for dei meir kognitive faga, og fordjuping i einskildfag. Ansvaret for songen vart overlate til den spesialutdanna musikklæraren den eine timen i veka.

Min eigen erfaring er frå mykje song av ulike lærarar som gav god plass for song i barne- og ungdomsskulen eg fekk vekse oppi. Og ei solid lærarutdanning med mykje song i sin midte, som lærar i grunnskulen, og ikkje minst i den levande folkehøgskolen: Eit av dei mest miljøskapande elementa var songen, både i fellesskap og i ulike kor-samanhengar.

Men her har ein gått for fort fram, det er som Departementet «angrar», og vil gjere bot: For kva skjer? Høgskulen i Vestfold, avdeling for lærarutdanning, fekk med seg Musikk i Skolen og organisasjonar og representantar for vårt rike songmiljø, frå rock og pop til klassisk og folkeleg song, salme & vise, ikkje berre norske, samiske og nordiske, men frå over 40 nasjonalitetar.

Som høgskulelektor frå NLA fekk eg vere med på å gi ut ei unik songbok: «Sang i Norge» i 2008, med mange og solide private økonomiske støttespelarar. Prosjektet som tok høgde for å sende eit klassesett (30 bøker) til alle grunnskular i landet (!), så ville utdanningsministeren at Staten skulle betale portoen.

Tre hovudgrep tok boka: Først, samiske songar måtte kunne lyde rundt om i klasseromma, så med den aukande asylinnvandring frå ulike land og kontinentar, måtte slike få kjennbare songar – på sitt språk – inn i skulen. Sist, men ikkje minst: Lærarane kunne ta ned frå nettet tonefølgje til songane, om dei då sjølve ikkje kunne nytte seg av gitar/piano.

Så spør eg? Kva er ein KRLE-time utan song? Ja, kva med norsktimane? Skulle ikkje ein der kunne styrke faget med song? Kor kjedeleg kan ein engelsktime vere utan song, for ikkje å snakke om i mattetimane, i geografien og naturfaget? Det finst drøssevis av gode songar og viser som høver i dei ulike faga.

– Med den aukande mistrivsel i skulen som vi opplever i dag, kan årsaka liggje i eit einsformig undervisningsopplegg utan levande song eller musikkinnslag i timane, som kan friske opp, skape begeistring, for ikkje å snakke om samansveising i songen?

Songen – poesien – gjerne med musikk, leik og dans som følgjesveinar, er her sterke uttrykksmåtar – eit ekkokammer frå eins indre, som ballast ut i livet. Dette skaper liv og samhald. NRKs Demenskoret i desse dagar, syner tydleg kva innlærte songar i barn- & ungdomsår gir av livsglede i eldre år. Kva skaper meir begeistring og samhald enn å få forlate seg i fellessongen?

Powered by Labrador CMS