Debatt
ISRAEL: Når Israel skal forsvara seg, er freden slutt, skriv Per Vestly.
Leo Correa / AP / NTB
Spesialtilfellet Israel
For å unngå terror i Europa, må ein ikkje støtta Israel meir enn høgst nødvendig. ISIL blei overvunne utan at nokon skreik ut. Natos krigar i Afghanistan og Libya gjekk også greitt, likeins frigjeringa av Kuwait.
Når Israel skal forsvara seg, er freden slutt.
I Støpt bly-aksjonen mot Hamas i Gaza 2008–2009, brydde ikkje media seg særleg om rakettane som blei skoten mot israelske befolkningssentre. Når Israel til slutt blei tvungne til å gå inn i Gaza, var media på banen. Leiande svenske sosialdemokratiske politikarar deltok i anti-israelske demonstrasjonar der det blei ropt «Død over jødane». Det blei bore hakekors og bannere for arabiske terroristbevegelsar som mante til utsletting av staten Israel.