For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

MAKTBRUKT: Regjeringa brukar både lovmakt og økonomimakt i sitt ideologiske råkøyr, skriv Johannes Kleppa. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under ein pressekonferanse på Blaafarveværket tidlegare i haust.

Stat med ideologisk maktvilje

Publisert Sist oppdatert

I fredstid har vi truleg aldri hatt ein stat med så sterk ideologisk maktvilje som no. Regjeringa brukar både lovmakt og økonomimakt i sitt ideologiske råkøyr. Under siste verdskrig prøvde den nazistiske styresmakta seg på ideologisk omforming og einsretting av folket, og brukte sine maktmiddel til det. Det stod folket imot i nokså samla front, så okkupasjonsmakta og naziregjeringa mislukkast. Motstanden var grunna på kristen tenking, som då også prega lovverket. I dag er situasjonen ein heilt annan.

Støre-regjeringa er svært ideologisk styrande. Det har i og for seg Ap-regjeringar alltid vore, men sjeldan i så sterk grad som no. Nokre av statsrådane er reine ideologiske og livssynsmessige aktivistane, og statsministeren let dei vera det. Det har vi særleg sett med tanke på framlegg til lovforbod mot det som vert kalla konverteringsterapi, men som grip langt inn i vanleg sjelesorg og forbøn. Her dreier det seg altså om lovmakt i ideologisk teneste, og då for å undergrava og nedkjempa kristen tenking og praksis.

Det statsbudsjettet som nett vart lagt fram, viser ei tilsvarande økonomimakt brukt over eit vidt speker. Det skjer ved velsigning av ein finansminister frå Senterpartiet. Dette viser at når ein plasserer seg på den politiske venstresida, går ein automatisk i ideologisk teneste for den tenkinga at staten veit best, og at den kristne kulturen er ein klamp om foten.

Powered by Labrador CMS