Frispark
Statsråd: Barn og unge skal vernast mot skadeleg innhald og bruk på nett
Eg er glad for at den tida då eg hadde småbarn, var algoritmar og slikt ikkje ei bekymring. Slike usynlege dataprogram som på nettet blir brukt til å bestemme kva barn og unge får opp av nyhende og blir påverka av. Eg tenkjer også det er skremmande at Google veit så mykje om oss, og om barna våre. Kor vi bur, kor vi pleier å gå, kva vi likar og så vidare. Personopplysningar som faktisk dei store aktørane ikkje burde få leike seg med.
Dagens barn og unge er digitale frå dei er ganske små. Kanskje alt for små. Ulike skjermaktivitetar er blitt ein naturleg del av barna sin kvardag. Medietilsynet si kartlegging av 9–18 åringar digitale medievanar frå 2020, viser at halvparten av norske 9-åringar bruker sosiale media. Omtrent alle barn i den aldersgruppa har eigen mobil. Kvar fjerde 4–5 åring har eige nettbrett. Den nye studien frå EU Kids Online frå 2020 viser at norske barn og unge bruker mest tid på nett i Europa.
Vi må erkjenne at barn og unge ikkje har eit digitalt liv som er åtskilt frå det vanlege livet. Dagens barn og unge er digitale heile tida. Ikkje berre av og til, slik vi vaksne kan vere. Bruk av sosiale media er integrert del av barn og unges oppvekst. Det er mykje positivt, men det er også ulemper ved dette. At skjermbruk stel tid og konkurrerer med barns tid til fysisk aktivitet, er sjølvsagt ein av utfordringane. Stillesitting er ein sjølvstendig helserisiko.
Reklamepress i sosiale media retta mot barn og unge, er ein annan utfordring. Åtferdsbasert marknadsføring gjer at unge gutar får reklame for proteinpulver og unge jenter får reklame for kvisemedisin i sine sosiale medium. I Medietilsynet si kartlegging svarte halvparten av jentene mellom 13–18 år at dei hadde fått reklame for kosmetiske behandlingar på nett. Det er urovekkjande.
Barns person- og forbrukarvern er difor eit anna problem ved barns digitale liv. Kva gjer det med den unge og godtruande generasjonen når dei heile tida får reklame inn i sine kanalar som fokuserer på utsjånad og det perfekte ytre? Kroppspress er ein uting, og sosiale media bidreg sterkt til det. Sophie-Elise saka viser også kor stor påverknad influensarar har, og at reklame og påverknad kjem i mange ulike og nye former.
Målet er at barn og unge skal vere trygg på nett.
Barn og unge kan lettare bli utsett for mobbing og utestenging, men også alvorleg kriminalitet på nett. NRK fortalde i januar om at barn frå 8–10 års alderen vert manipulert til å sende nakenbilete av seg sjølv til overgriparar. Dei får betalt i spelepengar. Hemmelege Snapchat-kontoar gjer det vanskeleg for vaksne å oppdage. Det finst tilgang til appar og chatterom som foreldre knapt har høyrt om. Politiet fortel at etterspurnaden etter overgrepsbilete av barn og unge er betydeleg.
Eg har sjølv besøkt politi som arbeider med å oppdage nettovergrep. Det kan starte uskuldig med ein ny kontakt. Foreldre må ikkje vere naive, men prøve å både forstå og forklare farane som finst. Aldersgrense for sosiale media er til av ein grunn og bør respekterast.
Eg har i mitt arbeid også hatt møte med fleire ungdomsråd rundt om i landet om nettbruk. Dei fortel om positive ting med nettbruk – at ein får informasjon og at det kan bidra til fellesskap. Men dei fortel og om det motsette – at det kan auke utanforskap. Dei var tydelege på eitt råd – informasjon om sunt nettvett må starte på barneskulen. På ungdomsskulen kan det vere for seint.
Eg arbeider no med ei stortingsmelding om barns digitale kvardag. Det vil vere den første stortingsmeldinga i sitt slag i Norge. Den blir fremma for Stortinget til neste år. Målet er at barn og unge skal vere trygg på nett. Barn og unge skal vernast mot skadeleg innhald og bruk. Barn og unges forbrukarvern – og personvern skal takast på alvor. Barn og unge skal få god kunnskap om sunn skjermbruk. Det same gjeld foreldre og alle som arbeider med barn og unge.