Meninger
STATSRÅDAR: Kari Nessa Nordtun (Ap) tok over som kunnskapsminister etter Tonje Brenna (t.h.) i oktober.
Gorm Kallestad / NTB
Statsrådsmakt – eit demokratisk problem
«Alle» veit at Arbeidarpartiet (og SV og Raudt, sjølvsagt) ikkje likar «privatskular». Dei likar det så lite at dei gjerne puttar idealistiske, non-profitt-skular med relativt høg foreldrebetaling og lågare statstilskot enn statlege og kommunale skular, i bås med dei verste døme på privatkapitalistisk grådighetskultur, jfr. tankesmia Agenda sin rapport tidlegare i år.
Det skjer fordi alt som kan stemplast som «privat», pr. definisjon må vera noko negativt. Ordet fremjar eit idelogisk tunnelsyn.
Statsrådar har stor makt. Slik må det vera, for dei skal realisera programmet partiet har gått til val på. Difor var det ikkje anna å venta enn at statsråd Brenna var på utkikk etter måtar å gjera livet vanskeleg(are) for såkalla «private» skular. For dei var ikkje statlege eller kommunale eller offentlege, etter rådande syn på kva «offentleg» tyder.