Debatt
LITURGI: Når ein tek stolaen i bruk som liturgisk plagg, er det for å markere at ein liturgi vert utøvd, skriv Ingebrigt Huse Austnes.
Adobe Stock
Stolaen som politisk kamparena
Ein prest byter ut den liturgiske fargen (og symbolet?) på stolaen med Pride-fargane.
Somme opplever dette som ein fascinerande måte å ta ei gruppe menneske på alvor inn i ein gudsteneste-samanheng. Men for meg reiser dette ei rekkje fundamentale spørsmål.
Når ein tek stolaen i bruk som liturgisk plagg, er det for å markere at ein liturgi vert utøvd. Det vil seie at ein held til i den heilage tida som høyrer Guds rike til.