Debatt
KUNSTIG SKILJE: Den nye opplæringslova er ikkje god nok for lærarane og nynorskelevane, skriv Peder Lofnes Hauge.
Kristianne Marøy
Stortingsvalet må bli eit språkval
Når dei politiske partia no meislar ut politikken dei skal gå til val på må dei hugse på nynorsken. Det må bli like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg. Difor må partia ha offensive ambisjonar for språkpolitikken. Noregs Mållag har desse fem krava til dei ulike partiprogramma:
1. Nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
Utgangspunktet for den norske jamstillingspolitikken er at dei to norske språka bokmål og nynorsk er jamstilte. Det bør Grunnlova reflektere. Ei grunnlovfesting vil gje den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka.