Leder
Støttemarkering for jødar: Fykse Tveits uryddige veksling mellom raus og restriktiv
«Å glimre med sitt fravær» er det noko som heiter. Det har sjeldan passa betre enn då Den norske kyrkja valde å utebli frå laurdagens støttemarkering med det jødiske folk ved Stortinget.
Det har vorte sagt mykje om denne prioriteringa. Faktisk såpass mykje at preses Olav Fykse Tveit har valt å gå ut i etterkant. Her har han gitt innblikk i bakgrunnen for at Den norske kyrkja stiller seg utanfor ei slik brei solidaritetsmarkering. Jødane er ein av dei minoritetane som her til lands historisk sett har blitt behandla aller dårlegast.
I dagens politiske klima uttrykkjer den jødiske minoriteten at utryggleiken igjen aukar. Det skjer her i Noreg, men også mange andre stader.
Seinast tysdag denne veka fortalde svenske Aftonbladet historia om tre svenske jødar i Stockholm-området som var blitt kartlagde for attentat i regi av Iran. At jødar mange stader kjenner at noko snører seg til rundt dei, er ikkje teke ut av det blå.
Ein slik situasjon krev av oss at vi veit å skilja mellom israelsk krigføring i Gaza og støtte til jødar i ei tid der dessverre mykje ligg til rette for nye bølgjer av jødeforfølging. Eit stort kyrkjesamfunn som Den norske kyrkja burde definitivt ta mål av seg å greia å skilja klokt her.
Dei har som kjent ved mange høve påteke seg eit ansvar for å løfta minoritetar og tala deira sak. Dermed er det ekstra påfallande at dei ikkje går føre, men tvert om melder seg ut akkurat når det gjeld den jødiske minoriteten.
For ingen frå toppleiinga i Den norske kyrkja var til stades på den ikkje så store, men likevel breitt samansette markeringa laurdags føremiddag. Men proklamasjonar og appellar som handla om at det skal vera trygt for jødar i Noreg, bør neppe vera kontroversielle for nokon.
For å sitera eitt av punkta frå laurdagens fellesuttale: «Vårt fokus på tiltagende antisemittisme betyr ikke at vi glemmer lidelsen til befolkningen på Gaza og palestinernes kår. Men Hamas sin massakre og angrep mot Israel går hånd i hånd med deres terroregime overfor egen befolkning. Palestinerne behøver også støtte og hjelp for en bedre og trygg fremtid».
Slike formuleringar er ikkje einsidig og pro-Israelsk propaganda. Det vitnar snarare om ei vidsynt tilnærming til det som i dag er ein brennbar tematikk.
Det som likevel er meir pinleg enn å utebli frå arrangementet, er argumentasjonen for avgjerda
Ein profilert kyrkjepolitikar vart her i avisa sitert på at det var «flaut» at Den norske kyrkja droppa markeringa. Det er ein måte å seia det på.
Det som likevel er meir pinleg enn å utebli frå arrangementet, er argumentasjonen for avgjerda. Preses tek til torgs moment som synest totalt inkonsistente med vurderingar inn mot andre arrangement der Den norske kyrkja deltek.
«Den norske kirke på nasjonalt nivå er generelt svært restriktiv med å slutte seg til andres markeringer og tekster», er ein del av grunngjevinga frå Tveit. Dessutan meiner Tveit at «Vi kan samarbeide om mykje med andre (...) men det går nokre gonger ei grense».
Tveits grense for samarbeid synest imidlertid nokså mobil og fleksibel. Med slike kommentarar inviterer han sjølv til spekulasjonar kring kva som eigentleg ligg under motviljen mot ei tverrkyrkjeleg støttemarkering for det jødiske folket. Eller kvifor han kan troppa opp når Palestinakomiteen inviterer, for den del.
Det synest i alle fall som om ein heilt motsett argumentasjon no gjer seg gjeldande i høve til den som dukkar opp ved årlege Pride-markeringar.
Mange har spurt seg korleis kyrkja så enkelt finn saman med Fri, «foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold» ved dei årlege Pride.markeringane. Fri har som kjent synspunkt og hjartesaker stikk i strid med det Den norske kyrkja representerer i skrift og vedkjenning.
Svaret til Tveit og andre i kyrkjeleiinga, er å fokusera på dei verdiane ein har felles. Det er slik sett like spesielt å lesa Tveits oppmoding til ikkje berre å delta, men å «Slå ring om Pride» frå juni i fjor, som det er å lesa grunngjevinga for avvisinga av laurdagens markering.
Ein kan seia mykje om dette, men det synest svært vanskeleg å finna ei konsistent linje i preses´argumentasjon.
Olav Fykse Tveit kunne nemleg ha henta fram nøyaktig same, rause haldning frå i sommar – både til minoriteten og medarrangørane ved støttemarkeringa for det jødiske folket sist laurdag.