Frispark
Strid for fred
Ja lat oss stride,
og lat oss tru,
og byggje med tankar
ei bivre-bru
til den heilage, høge framtid!
Me liver midt i
ei villmanns-tid
med blinkande knivar
og nevestrid;
og livet er som ein bloddraum
Men vita skal me
og vone visst,
at ånd må vinne
på troll til sist,
og vit på den varge villskap.
Det er meir enn hundre år sidan Arne Garborg skreiv dette diktet. Med få ord fangar han røyndomen også i vår skakande samtid.
Å vinne på troll, å stride mot einsynte, militante og fanatiske rørsler som konstant siktar mot å utrydde eit anna folkeslag og ein annan kultur.
Kampen mot slike demoniske krefter kan vinnast med sterke verdiar: ånd, ytringsfridom, rettsstat og demokratisk samhald.
Å vinne på den varge villskap, å stride mot mordarbandar som merkjer seg ut med ufatteleg råskap, demonstrert av Hamas-soldatar den 7. oktober i fjor, kan berre møtast med realpolitisk analyse og våpenmakt.
Israel og alliansen med demokratiske land har eitt å gjera: knekkje, demontere og utradere den militære delen av Hamas og andre nazi-liknande organisasjonar. Dei kan vera ulike å sjå til (Islamsk Jihad, ISIS, Hezbollah, Hamas osv.), men har det same føremålet: ut og vekk med jødane og Israel, ned med USA og resten av Vesten. Ut med jødedomen og kristendomen, inn med Kalifatet og Fredens Hus!
Det politisk-religiøse diktaturet i Iran er ein terrorstat, til inspirasjon for aggressive islamistar. Disiplane i mange granneland, innpoda med jødehat og rasisme sidan tidleg skulealder, let seg gladeleg kjøpe til dåd med pengar og våpen.
Dette vil koste å stå imot. Striden blir lang. Men den må til, elles blir her ikkje verande for våre etterkomarar, korkje i sør eller nord.
Lat oss vone og tru at ånd skal vinne på den varge villskap til sist!
Det å vera godhjarta og imøtekomande er bra i private og nære relasjonar. Men snillisme og naivitet i møte med totalitære samfunnskrefter er noko anna. Einvegstoleranse er ein farleg strategi. Han fører dei vestlege demokratia inn i eit mørkt blindspor.
I turbulente tider er det er lett å drive mot dei ideologiske ytterkantane. Historia har forlengst avslørt enkelte tankesett, med tilhøyrande samfunnssystem og regime, som dødbringande og menneskefiendtlege: nazismen og fascismen på høgresida, sosialismen og kommunismen på venstresida. (Det finst nyansar i meir og mindre hardsette utgåver).
Dei siste tiåra åra har me òg opplevt – seinast no på Gaza – islamo-fascismen, eit illeluktande heksebrygg som i fantasifull og utkropen råskap overgår alt anna me har sett i dette hundreåret.
Lat oss vone og tru at ånd skal vinne på den varge villskap til sist! Men skal demokratiet overleva presset frå totalitære retningar, må langt fleire enn no stå opp for dei umisselege verdiane i vår eigen kultur og samfunnsform.