Frispark
Sverige på veg ned?
Grannelandet låg alltid framom oss i det som var viktig. Alle me skuleungane på 1950- og 60-talet var imponerte, for svenskane kunne laga bilar og fly, hadde fine vegar, flat tyggegummi og ananas på boks.
Det var eit eventyr å koma til Sverige på biltur. Det var vareutval i butikkane. Alt var på stell. Svenskane var moderne, kom seg vekk frå utkantane og flytta til byen. Dei var flinke, meinte me, for krona deira var meir verdt enn vår!
Alliansefritt, nøytralt, velferdsstat, eit føregangsland som politisk satsa på «den tredje vegen» – eit sosialt og humandemokratisk system ein stad mellom kapitalisme og sosialisme. Svensk intellektuelt og akademisk liv var venstreorientert, hadde høg internasjonal posisjon.
Stolte styrande var sjølvrettferdige, etter kvart beint fram sjølvgode; dei kritiserte vestlege kolonimakter i Afrika, USA i Vietnam og viste ovundring for Castro på Cuba.
Med dei politisk korrekte haldningane i eitt og alt – frå oppseding i heim og skule til innvandringspolitikk og integrasjon – vart Sverige internasjonalt sett som eit mønsterbruk. Ein million eller to nykomarar, for det meste fjernkulturelle og fjernreligiøse, skulle ikkje vera noko problem … Elitane i politikk, akademia, media og kyrkja var med på dansen, overgjekk kvarandre i ønskjetenking og formaningar.
Redaktørar og skribentar i store svenske aviser synte snart at dei mangla elementære kunnskapar om innvandring, integrasjon og økonomi.
Prosessen med omforming av Sverige fører med seg meir enn 100.000 nye innvandrarar kvart normalår, og når alle desse i snitt lever i landet i 50 år, vil det bli nye statlege kostnadsplikter på rundt rekna 400 milliardar kvart år – i tillegg til kostnadene for dei som alt er komne. Summane blir med tida enorme, der utgiftssida blir fleire gonger større enn moglege inntekter.
Politikarane veit dette, men i det rådande åndsklimaet vågar dei ikkje å ta grep. Ei fastare hand ville straks føre til skuldingar om «diskriminering», «rasisme», «islamofobi» og så vidare.
Dei folkevalde veit godt kva som er årsakene til framveksande parallellsamfunn, eksplosiv kriminalitet, bomber og granatar, bilbrannar, æresdrap, skyting og mord på open gate, bandittgjengar, dagstøtt vald mot politi og ambulansepersonell, trugsmål og overfallsvaldtekt mot kvinner. I dag er det 55 område («no-go-zones») i Sverige der ikkje eingong politiet vågar seg inn. Ordensmakta slit.
Avisene skriv minst mogleg om dette, hysjar ned det meste. Optimismen frå 1980- og 90-åra har gradvis snudd. Det er ingen tvil om at det er den ikkje-vestlege innvandringa, særleg frå Midtausten og Afrika, med klanar, andre religionar og verdisystem, som har sett fart i den illevarslande utviklinga. Den glade multikulturalismen er ein fiasko.
Det skjønar òg redaktørane, journalistane, mediekanalane, skribentane, samfunnsvitarane og kyrkjeleiarane, men denne faktiske røyndomen er det mest ingen som vågar å skrive eller tala høgt om.
Folk er redde. I staden for å kjempe for svensk kultur, orden og samfunnsverdiar er det tryggast å gje etter. Då kan mange, for eigen del, enno ei tid dyrke dei tre k’ane: konsensus, karriere og komfort.
Kommentatoren Kjetil Rolness skriv om konsekvensane av den dramatiske innvandringa i vårt kjære granneland: «Sverige greidde kunststykket å gå fra Europas mest fredelige og velordnede land, til et av de mest utrygge og uforutsigelige i løpet av få år.»
Eit NATO-medlemskap vil ikkje bremse dei nemnde prosessane. Den indre oppløysinga er for lengst i gang, der svensk identitet, kultur og levevis er utsett for beinharde prøver i det daglege. Harmonien er borte.
Me brukte å seia at «Sverige ligg framom oss på dei fleste områda, men Noreg kjem sigande, fem eller ti år etter». – Om dette var ein uunngåeleg regel, ei rettesnor, er det no ekstra grunn til å tenkje seg om her heime.