Kommentar
SAMLING PÅ BAKARSTE BENK: Blir det av og til unødvendig langt fram til talaren?
Birgit Opheim / Bjørn Olav Hammerstad
Predikantens usynlege einsemd
– Ingen er så einsam som den som nettopp har stilt seg fram på ein talarstol, sukka ein som ofte står på diverse talarstolar. Bør vi ta betre vare på talarane våre?
Sjå føre deg sist møte du kom inn på. Sjansane er store for at også den staden du var på møte bar eit typisk trekk ved norske bedehus og forsamlingslokale. Folk fyller opp frå bakarste benk. Eventuelt frå midt i lokalet og bakover.
Om det er rein audmjukskap eller anna som styrer korleis ein finn sin plass i møtelokalet skal vera usagt. Men at det finst ei frykt for fremste rad blant oss? Definitivt.
Ville eg ha eit litt «fancy» uttrykk for fenomenet, kunne eg ha kalla det «the gap». Mellomrommet. For det skal nemleg vera svært godt frammøte dersom det endeleg vert fylt opp på dei fremste to-tre rekkene.