Meninger

VEKKJER OG FRELSER: Jesus kom for å leita etter fortapte, både dei som ser det, og dei som ikkje ser det. Han vekkjer. Han frelser. Han bevarer, skriv Gudleik Himle.

Takk at du vekte meg!

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje lite stort å få vakna, om att og om att, dagleg. Det fortel at eg lever. Den dag det ikkje hender, då er livet slutt. Døden er eit faktum.

Det er ikkje alltid det er behageleg å bli vekt. Ein kunne drøyma så søtt og godt. «Han vakna ikkje», seier ein om ein død.

Den sovande og den døde kan likna på kvarandre i det ytre, men der er skilnad.

Hjarta slår og pusten går inn og ut på den som lever, ikkje så med den som livet har slokna hjå. Vekking er ikkje noko som hender ein gong. Ikkje reint menneskeleg. Heller ikkje åndeleg, nei, noko livsvarande. Korleis den enkelte kom inn i vekkinga kan vera forskjellig. Bråoppvakning eller sakte og stille.

Eg har erfara begge deler i livet sjølv. Har også fått møta mange som har bråvakna, og andre som har vakna sakte. Guds ånd kan dette, og veit den beste måte å nå den enkelte på. Bibelen fortel om ymse måtar Jesus møtte personar på. Ein sat oppe i eit tre då Jesus ropa han ned. Ei kvinne kom der Jesus var, ho kom til brønnen av ein annan grunn enn å møta Jesus. Paulus hadde slett ikkje tenkt å møta Jesus: Han kjempa mot Jesus. Jesus møtte han midt i motstanden, og frelste han.

Spørsmålet er ikkje korleis ein møtte meg, men at han fekk tak i meg. Den som tok imot, let seg omvenda der i det stille, slapp Jesus inn, er like mykje frelst som den som kom på eit møte. Men der livet er født, gudslivet, der ytrar det seg.

Spørsmålet er ikkje kvar eg er født, men om eg er født av Gud og blitt Guds barn.

Våre barn er ikkje født samtidig, ikkje på same rom, ikkje i same landsdel. Forskjellige er dei, men dei er født. Født inn i ein heim. Har foreldre og sysken. Dei har måtta bli vekt mange gonger gjennom livet.

Mattrong følgde med livet. Ein dag vakna ikkje eine dotter vår, livet på jorda var slutt, ho vakna ikkje meir. Ho hadde vakna mange, mange gonger før. Hadde vakna og gledd seg over livet gong etter gong.

Det er underleg når ein syndar får vakna og sjå kva Jesus har gjort. «At eg ikkje har sett dette før», seier ein gjerne då. Jesus vert noko ein treng, noko ein må få høyra og høyra, om att og om att. No vert det livet og livsinnhaldet.

Han kom for å leita etter fortapte, både dei som ser det, og dei som ikkje ser det. Han vekkjer. Han frelser. Han bevarer. Takk at du vekte meg! Takk at eg vert vekt opp på ny og på ny. Viser meg på ny og på ny at du har kjøpt meg.

Powered by Labrador CMS