Debatt
KONSERVATIV ELLER: Terje Hegertun og Harald Hegstad tenker nytt teologisk, men hevder likevel å være konservative, påpeker innsenderen.
Herman Frantzen
«Tek avgjerande steg bort frå Bibelens definisjon av ekteskapet»
Harald Hegstads siste innlegg i VL (14/11) tek sikte på å gi eit samla svar til dei som har kommentert (og kritisert) MF-professorens snuoperasjon i synet på samliv.
Hegstads linje, slik som også pinsenestor Terje Hegertuns, vert sagt å representera noko nytt og annleis, gjerne kalla ein mellomposisjon med konservativt tilsnitt.
Begge insisterer på at dei framleis er på ei konservativ linje i synet på samliv. Utanfrå minner det om ein teologisk transitt, ein mellomposisjon forstått som ein stopp på vegen mot alminneleg liberalteologi.