| Debatt
Teolog svarar Dagen: Autoritære stemmer kan vere ein falsk tryggleik
BIBELEN: Vi har det med å tenke at våre eigne overtydingar er gudgitte sanningar, skriv Ingunn Aadland.
Foto: Odd Mehus
I leiaren i Dagen 27. mars kan ein lesa at mitt syn på Bibelen er oppsiktsvekkjande. Ein kan få inntrykk av at eg vil erstatta Bibelens autoritet med menneskets erfaring.
Slik er det ikkje. I ein kommentar i Vårt Land retta eg merksemda mot den autoriteten som den felleskristne erklæringa gjer krav på gjennom sin ordlyd og bibelbruk. For denne ordlyden finn eg problematisk.
Erklæringa krev ei vedkjenning til eit gitt syn på Bibelen, altså ei bestemt bibeltolking. Dette er etter mitt skjøn å tilrana ein autoritet som igjen kneblar teologisk tenking. Og dette ville eg utfordra i kommentaren.