For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

BIBELEN: Bibelen eit historisk dokument om Guds samhandling med menneske, og den kristne trua er knytt til denne historia av Guds openberringar, skriv Erling Thu.

Teologar som eigentleg er synsarar

Publisert Sist oppdatert

Den kristne trua kviler på dei heilage skriftene i Bibelen som vi har fått overlevert frå fedrane. Bibelen fortel om korleis Gud har gjort seg kjend for menneske, kva han har sagt og gjort for og gjennom dei. Slik er Bibelen eit historisk dokument om Guds samhandling med menneske, og den kristne trua er knytt til denne historia av Guds openberringar.

Gud har mange gonger og på mange måtar talt til Guds folk gjennom profetane opp gjennom historia. No i dei siste dagar har han talt til oss gjennom Sonen. Det gamle testamentet om kva Gud har sagt om Sonen. Det nye testamentet fortel om korleis Jesus og apostlane forstod dette.

Jesus gjorde det klart at Skrifta ikkje kan gjerast ugyldig eller setjast ut av kraft, for Skriftene vitnar om han. Det står skrive om Jesus i alle skriftene, heilt frå Moses og til den siste profeten i Det gamle testamentet. Jesus kom ikkje for å oppheva lova eller det profetane hadde sagt, men han kom for å oppfylla. Då djevelen freista han, avviste han freistinga ved å seia: «Det står skrive!»

Powered by Labrador CMS