Bjørn Eidsvåg er ingen kristen teolog, meiner innsendaren. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Teologar utan tru på oppstoda
Bjørn Eidsvåg er ikkje nokon kristen teolog, iallfall ikkje om ein tar utgangspunkt i den økumeniske, kyrkjelege og ortodokse forståinga. Difor bør han heller ikkje få noko å seie i kyrkja, noko han heldigvis i liten grad har.
Det har dei siste åra stått fram fleire teologar, også profilerte, som meinar at ein ikkje skal forstå oppstoda til Jesus som historisk, konkret, fysisk og verkeleg. Bjørn Eidsvåg til dømes skreiv 1. april 2018 på Twitter: «Plasserer vi oppstandelsen i logos - rasjonaliteten, sliter vi, men plasserer vi den i mythos kan den være, vakker, viktig og livgivende selv i logos.»
Her ymtar Eidsvåg at den konkrete trua på oppstoda ikkje er rasjonell (logos), men at om ein plasserer den i mythos (dvs. myte, fortelling etc.) så kan den gje meining. Mange tenkjer kanskje dette er ein dårleg aprilsnarr, men det er det diverre ikkje.
I sjølvbiografien Tro og trass (Eidsvåg, 2019) seier Eidsvåg rett ut at han ikkje kan tru på oppstoda. Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, seier at «...hans alternative kristendomsforståelse strider med det som praktisk talt hele den kristne kirke har stått og står for.» (Vårt Land 26.09.19).