Debatt
Alice Tegle
– The Send i Stavanger var langt frå einspora
Kritikken frå Hans Eskil Vigdel om at The Send Local i Stavanger var einspora og svart/kvitt, bommar rett og slett. Det var ikkje einspora. Over 40 ulike fellesskap og kyrkjelydar som sto bak dette store arrangementet som midt i ein travel junimånad, i konkurranse med lokal musikkfestival og Champions League-finalen samla 1600 i IMI-kirken.
Kritikken går, i år som i fjor på at dette er for mykje for dei unge, for lite nyansert, det vil føra til åndelege brannskader og enda med overfylte terapirom. Men kritikk må starta med å lytta seg inn. For meg verkar det som om Vigdels konklusjonar her alt føreligg i forkant.
Eg tek meg i å lura på om noko kristent arrangement for ungdom kunne ha gjort denne kritikaren nøgd. Dessutan: korleis kan Jesu enkle kall ved kristendommens utspring: «Vend om!» og «Følg meg!» og «Gjer alle folk til disiplar» bli til eit desillusjonert og forvirrande «Livet er komplisert»?