Meninger

TILHØYRSEL: Tilhøyrsel til dei truande har vore med å bevara meg hjå Jesus, skriv Gudleik Himle.

Tilhøyrsel til dei truande

Publisert Sist oppdatert

Då eg vart omvendt skjedde det noko. Kan ikkje forklara det, men å samlast med dei truande på bedehuset vart naturleg, høyra Guds ord. Vart frelst inn i ein flokk av frelste synfara. Der fekk eg mat for sjela, gjennom forkynning, gjennom å lytta til vitnemåla.

Vitnemøte var det ofte. Ja, der var såkalla «småmøte» der det ikkje var nokon talar, men folk vitna og bad saman. Ikkje alle opplot sin munn, men dei var der av livstrong. Tilhøyrsel vart det til flokken. Me gjekk på møta, ikkje etter kven som arrangerte dei, men fordi Guds ord lydde. Me gjekk etter «maten» ikkje organisasjon, ikkje predikanten, men «maten».

Kan heller ikkje forklara kvifor det vart ein organisasjon som vart eit med meg framfor andre. Her vart min plass, mitt kall. Men høyrde til fyrst og fremst mellom dei truande. Denne særskilde misjon fekk mest omsorg, forbøn, pengar, ja, kjærleik.

Møtte dei som kritiserte at me hadde eit hjartebarn, at kjærleiken, ansvaret var retta mot ein. Nei, me måtte «vera like glad i alle». Å-å. Då kjem eg på trønderen som møtte det. «Like glad i alle, ja, likeglad i alle.» Bryr seg ikkje om nokon.

Eg er nå meir glad i kona enn andre.

Merka meg at dei som hadde fått eit særskilt hjarteforhold til ein misjon, var dei som støtta mest opp om møta kven det så var som hadde møter. Trufaste, ja, benkeslitara.

Du kunne rekna med dei. Nokre deltok ofte med vitnemål, andre sjeldan eller aldri, men dei vitna i kvardagen, der var noko varmt og godt, omsorgsfullt med dei. Dei kravde ikkje tillit, men fekk det. Dei var berarar i forsamlinga, som ein sa, «han var så god ein tilhøyrar».

Tilhøyrsel hadde dei til flokken, der var hjarta deira. Deretter kom den misjonen som dei hadde fått lagt på hjarta. Fyrst og sist kom hjarteforholdet til Jesus. Alt dreia seg om Han. Til meir trengjande dei var etter Jesus til meir trengjande var dei etter samfunnet med Han på jord. Til sterkare knytt til Han, til sterkare knytt til dei andre.

«Eg heldt på å sovna som kristen. Då vart eg meir opptatt med kristendommen min og mindre Kristus. Då trong eg ikkje å høyra Ordet så mykje. Då var det mindre viktig å samlast med dei andre.» Slik vitna han, og me kjenner oss att.

Den sauen som kom bort frå eigaren, han kom og bort frå flokken av dei som høyrde eigaren til. Vart funnen og boren inn til eigaren av eigaren og inn i flokken hans.

Tilhøyrsel til dei truande har vore med å bevara meg hjå Jesus.

Powered by Labrador CMS