For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Frispark

TOBARNSNORM: Mange snakkar om ei «tobarnsnorm», ein oppfatning av at det er to barn som er det ideelle, men tobarnsnorma bør få konkurranse, skriv Kjersti Toppe.

Tobarnsnorma må få konkurranse

Publisert Sist oppdatert

I 2022 blei det fødd 10.000 færre barn i Norge enn for ti år sidan. No føder kvar kvinne i underkant av 1,5 barn, i gjennomsnitt. Fruktbarheitstalet gjekk litt opp under koronapandemien. Men i fjor var det tilbake igjen i same trenden – norske familiar føder stadig færre barn. Det skjer sjølv om Norge i rapportar er kåra til å vere blant dei beste landa å vere barn i.

Vi har gode offentlege velferdsordningar, gratis skule og helsetilbod, gode barnehagetilbod i eit velutvikla demokrati. Sjølvsagt er det ting som trengst å forbetrast i samfunnet for barn, unge og familiar. Men spørsmålet er, med alle desse tiltaka for barnefamiliar vi trass alt har – kvifor er fruktbarheita i Norge likevel så rekordlåg?

Vi veit ein del. Vi veit at det er færre som vel å få barn nummer tre, fire og fem. Altså at det er færre storbarnsfamiliar no enn før. Vi veit også at kvinner (og menn) blir stadig eldre når dei føder sitt første barn. No er gjennomsnittsalderen på førstegongsfødande kvinner bikka 30 år. I løpet av dei ti siste åra har gjennomsnittleg alder ved første fødsel for mor auka med to år. Det er freistande å spørje seg kor dette skal ende?

Powered by Labrador CMS