Frispark

TOBARNSNORM: Mange snakkar om ei «tobarnsnorm», ein oppfatning av at det er to barn som er det ideelle, men tobarnsnorma bør få konkurranse, skriv Kjersti Toppe.

Tobarnsnorma må få konkurranse

Publisert Sist oppdatert

I 2022 blei det fødd 10.000 færre barn i Norge enn for ti år sidan. No føder kvar kvinne i underkant av 1,5 barn, i gjennomsnitt. Fruktbarheitstalet gjekk litt opp under koronapandemien. Men i fjor var det tilbake igjen i same trenden – norske familiar føder stadig færre barn. Det skjer sjølv om Norge i rapportar er kåra til å vere blant dei beste landa å vere barn i.

Vi har gode offentlege velferdsordningar, gratis skule og helsetilbod, gode barnehagetilbod i eit velutvikla demokrati. Sjølvsagt er det ting som trengst å forbetrast i samfunnet for barn, unge og familiar. Men spørsmålet er, med alle desse tiltaka for barnefamiliar vi trass alt har – kvifor er fruktbarheita i Norge likevel så rekordlåg?

Vi veit ein del. Vi veit at det er færre som vel å få barn nummer tre, fire og fem. Altså at det er færre storbarnsfamiliar no enn før. Vi veit også at kvinner (og menn) blir stadig eldre når dei føder sitt første barn. No er gjennomsnittsalderen på førstegongsfødande kvinner bikka 30 år. I løpet av dei ti siste åra har gjennomsnittleg alder ved første fødsel for mor auka med to år. Det er freistande å spørje seg kor dette skal ende?

Ifølgje forskarar frå Institutt for samfunnsforsking er den viktigaste årsaka til dei låge fødselstala ikkje at talet på barnlause aukar. Men at færre av dei som får to barn, vel å få eit tredje. Mange snakkar om ei «tobarnsnorm», ein oppfatning av at det er to barn som er det ideelle. Frps Sylvi Listhaug har nyleg vore ute i media og anbefalt alle å få ein attpåklatt, slik dei fekk. Kanskje det, ja?

Eg som er barne- og familieminister er sjølvsagt bekymra for utviklinga. Det er nødvendig i alle samfunn at vi har ein god balanse mellom unge og eldre. Det er eit svakheitsteikn i samfunnet når fruktbarheitstalet stadig når nye, rekordlåge nivå.

Nokon meiner utviklinga er berre bra, fordi at barn ikkje er bra for miljøet. Eg meiner det blir heilt feil. Kva slags samfunn vil vi ha, dersom ein ikkje ønsker at det skal fødast barn? Og kven skal arbeide og skape inntekter, når dagens vaksne blir eldre?

Difor må vi ta den minkande fruktbarheita i Norge på største alvor. Å få barn er sjølvsagt eit heilt personleg val, som storsamfunnet i og for seg ikkje har noko med. Nokon strevar med å få barn, og det er også viktig å huske på i denne debatten. Men det er på tide med ein meir open debatt om kva som må til, for at fleire unge vel å stifte familie tidlegare enn når dei kjem godt ut i 30-åra, og at fleire får barn nummer tre. Tobarnsnorma bør få konkurranse.

I tillegg må vi få fram det positive med ein ungeflokk, ikkje alle problema.

Økonomiske ordningar er sjølvsagt viktig. Gratis barnehage for tredje barn, og gratis barnehage i Finnmark og Nord-Troms, er dømer på nye kraftfulle tiltak som forhåpentlegvis kan bidra. Ei raus foreldrepengeordning som er tilpassa foreldras behov er også av stor verdi. Vi må gjere det lettare for småbarnsforeldre, om dei er i arbeid eller ikkje er i arbeid. Det er verkeleg gode investeringar for framtida.

Familiepolitikk må få større status. Vi må få opp respekten for omsorgsarbeid. Alle desse arbeidstimane som blir lagt ned i ein familie, men som ikkje blir anerkjent nok. I tillegg må vi få fram det positive med ein ungeflokk, ikkje alle problema. Ein ting som i alle fall kjem fram i undersøkingar er at mange faktiske får færre barn enn det dei eigentleg ønska seg. Det er eit godt utgangspunkt.

Så er eg kanskje inhabil i denne saka, vil nokon kunne ytre. Eg er sjølv mor til seks. Det er ikkje mange. Det er herleg passeleg etter mitt syn.

Powered by Labrador CMS