For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

HØGRE INSTANSAR: Det veg ikkje så tungt kva vår utanriksminister (t.v.) og statsminister, kva eg og du måtte meina om dette, skriv Kjell Helland.

Tostatsløysing er ingen farbar veg

Publisert Sist oppdatert

I kveld – torsdag 16. november – fekk eg på radioen vita at det overordna målet for norsk utanrikspolitikk i Midtausten er å løysa konflikten mellom Israel og palestinarane på den måten at Israel vert delt i to, slik at det vert ein jødisk og ein palestinsk stat på Israels sitt territorium, den no så kjente «tostatsløysinga».

Dei av oss som byrjar å dra litt på åra, vil hugsa frå barneskulen at det hang eit stort kart framme i klasserommet, som viste arealet for Israels land, landet til Abraham, Isak og Jakob. No vil altså dei høge herrar i det norske utanriksdepartement at dette landområdet skal innehalda to land, Israel og Palestina, og ifølgje deira tankegang vil ei slik løysing føra til fred i regionen.

Ynskjet om fred er eit edelt ønskje, men er tostatsløysing vegen å gå? Meiningane er delte, men det veg ikkje så tungt kva vår utanriksminister og statsminister, kva eg og du måtte meina om dette. Det har faktisk ingenting å seie når alt kjem til alt.

Powered by Labrador CMS