Debatt
Tradwife: «Kvinnens dyd – hjemmets fryd»?
Høge husprisar høge krav til standard og aktivitetsnivå i tillegg til full jobb tek helsa og gleda frå mange yngre damer, det gjer meg bekymra.
Fyndordet frå overskrifta står på handklepynten på kjøkkenet vårt, brodert i beste 50-talsstil. Eg har vel helst lese den teksten som ein ironisk kommentar til meg sjølv og ler med dei som oppdagar illustrasjonen og kva som står der.
«Tradwife», ja då, men har aldri kjent meg heime i den båsen. Sjølv om eg jobba deltid i ein del år. Det gjorde familielivet meir overkomeleg då borna var små. Eg angrar ikkje på det, sjølv om pensjonspoenga kanskje vart nokre færre.
Eg angrar ikkje, sjølv om pensjonspoenga kanskje vart nokre færre.
Det er flott at unge folk tør å tenkje alternativt, om det er tradwife-tankar eller anna. Høge husprisar høge krav til standard og aktivitetsnivå i tillegg til full jobb tek jo helsa og gleda frå mange yngre damer, observerer eg, og det gjer meg bekymra.
Ei anna bekymring eg har er at vi alle vert pressa inn i så smale kategoriar på vegner av kjønn for tida. «Den lille forskjellen» er viktig nok, han pregar oss kvinner fysisk og mentalt.
Det er kanskje god grunn for at kvinner bør få moglegheit til å ta relativt tradisjonelle val for seg og borna sine og få lengre permisjon for eksempel, slik min generasjon fekk. Men må kvinner nysminka ta på seg høge hælar, stå ved ein strigla kjøkkenbenk, ta selfie til Instagram slik og bli underdanige husmødrer av den grunn?
Vi har så lett for å tru at alt var så mykje verre og meir sementert før med tanke på kjønnsroller.
Då var det så artig å oppdage denne gamle songteksten, skrive av skule- og bladmann Stefan Frich (1844–1927)
«Dei segjer at guten skal vera hard, og slipt liksom stålet blanke,
det høyrer med til å vere kar at kvass er båd’ hug og tanke.
Dei segjer at gjenta skal vera blid og fin og veik som ein blome,
– i vilje mjuk, for meiningar fri, berre venta, til friarar koma.
Eg likar guten med hugen mild, som kjærleiken ei kan svike.
Eg likar gjenta full av eld, som gløder for land og rike.
Eg likar den guten sterk og snild med ord som frå hjartastrøyma
Eg likar gjenta frisk og gild, som godt kan gjera og – gøyma.»