Leder
IDEAL: Ei husmor er ein tusenkunstnar, men korleis fungerer ho som plettfritt ideal?
X-ray
«Tradwife»-trend og Dagen-damer
Eg skulle gjerne visst kva Dagens kvinnelege lesarar tenkjer om tradwife-trenden.
Å seia at tradwife ei forkorting for «traditional wife», tradisjonell kone, verkar ikkje lenger som folkeopplysing. Ordet har blitt for samfunnsdebatten det eit vêrfenomen er for småpraten. Eit flugepapir som dreg til seg mange irritasjonsmoment og let dei sprella intenst og forbigåande.
Som mykje anna kom trenden hit frå USA via sosiale medium. Tradwife ligg passeleg laust på trendars upresise teflon, oppsummert med stikkorda livsstil og lengt.
Det som blir trendy, har likevel ei fiffig evne til å mista kontakten med opphavet sitt. Ei «tradwife» er ikkje så veldig tradisjonell, når ein ser etter. Var ho det, hadde ho neppe søkt seg så intenst inn mot mediemerksemda. Dei retteleg tradisjonelle husmødrene heldt seg som kjent i bakgrunnen.