Leder
OLDEDALEN: Jørgen Mykløen, far til filmskaparen Margareth Olin, ser utover dalen der han vaks opp.
Dag Asle Mykløen
Treng vi å gjenoppdage kjærleiken til naturen?
I filmen «Fedrelandet» følgjer filmskaparen Margareth Olin far sin eit heilt år på tur i fjella i Oldedalen, inst i Nordfjord.
Gjennom skiftande årstider vandrar ho og faren, Jørgen Mykløen, i bratte fjellsider medan dei snakkar om livet, kjærleiken og naturen.
Dei minnest menneska som gjekk før dei på stiane og set ord på frykta for å miste sine næraste. Og dei viser kor tett samanbunde folk og natur var og er.