Debatt
ISRAEL: Når Trond Bakkevig (bildet) skal nemna årsaka til konflikten i Israel, peikar han på «okkupasjonen». Men ved å seia det, fell heile basisen for ståplassen hans bort: For det er ingen ulovleg okkupasjon, skriv Jostein Sandsmark.
Terje Pedersen / NTB
Trond Bakkevig og Israel
Etter å ha sett Trond Bakkevig på TVL i dialog med Halvor Nordhaug, er det to inntrykk som sit att.
Bakkevig avslører tydeleg at han har valt palestinsk side – og at han grunnlegg sine synspunkt og haldningar på det som ikkje er historiske fakta.
Han seier: « … som jødene kaller Judea og Samaria.» Det finn han ukurant når det i dag heiter «Vestbredden» – Han som er teolog og kjenner GT og NT ut og inn, veit at desse landskapa har hatt sine namn i tusenvis av år, men sluttar seg til den ferske propagandanemninga: Vestbredden.