Debatt
NÅDEMIDDEL: Ordet, dåpen og nattverden er heilt nødvendige for at mennesket skal verta frelst, og då særleg Ordets forkynning, skriv Johannes Kleppa. Her frå nattverd i Kristkirken i Bergen 2007.
Marit Hommedal / NTB
Trua og nådemidla
Trua er uhyre sentral i kristentrua. Det heiter om Abraham at han trudde Gud, og det vart «rekna han til rettferd» (Rom 4,3). Slik er det med oss også. Ved tru vert vi rettferdige for Gud. Då er det avgjerande at vi har denne trua, og då må ho skapast. Då vert det også avgjerande kva det er som skaper denne trua, og kva ho er retta mot og faktisk inneheld. Då vert nådemidla avgjerande.
Problemet vårt er at Gud er heilag og vreid på synd, og at vi er syndarar. Då må det gjerast noko med synda, for at vi skal unngå Guds dom. Det ordna Gud ved å senda Sonen sin til jorda, leggja synda vår på han på krossen og der ramma han med all sin vreide og dom. Då skjedde soning for synda, og verda vart forsona med Gud.
Dette var noko som skjedde i den treeinige Gud og utanfor mennesket. Sjølv om lidinga, døden og oppstoda var synleg, var sjølve forsoningsverket usynleg. Ingen kunne sjå syndene på Jesu lekam, og ingen kunne sjå Guds domshand over krossen.