Meninger
TRUFASTE: Stolane er der, trufaste på møte etter møte, dei høyrer til der. Om det er den eine eller den andre som forkynner, skriv Gudleik Himle.
Sara Johannessen Meek / NTB
Trufaste
Stolane eller benkene er der, trufaste på møte etter møte, dei høyrer til der. Om det er den eine eller den andre som forkynner. Dei har sin faste plass. Nokre av dei vert ofte brukte, for nokre har bruk for dei. Trengjande folk, som trufast treng ny næring for livet med Herren. Stolane vik ikkje unna om det er ein lett eller tung, ung eller gammal som treng dei.
Kvifor kjem dei og fyller opp stolane? Kvifor er nokre like trufaste som stolane?
Kvifor går du til bords når maten vert servert? Du lever, og livet treng mat. Det er levande personar som set seg til bords. Det er dei som treng mat, dei levande, ikkje dei døde.