Meninger
Trur me verkeleg at evangeliet er godt nytt for menneske rundt oss?
I det siste har eg blitt utfordra på om eg trur at evangeliet er godt nytt for menneske rundt meg. Og viss ikkje me som er kristne har trua, kven skal ha trua på det då? Og viss eg har trua, korleis pregar det mitt liv og min kvardag?
Som lita jente høyrde eg dei vaksne snakka om «nød for andre». Eg skjønte innhaldet av orda, men likevel kjente eg ingen nød sjølv. Etter kvart som eg har fått sett og kjent meir av evangeliets kraft, har nauda vakse også i meg.
Då kvinna ved Sykars brønn (Joh 4) hadde blitt avslørt og tilgitt av Jesus, kva er det første ho gjer då? Jo, ho gløymer sitt eigentlege ærend, lar vasskrukka stå, og går inn i byen og seier til folk ho møter på:
«Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias.» Ho kjenner seg fri, bekrefta og elska som den ho er, trass si synd. Ho må berre ut og dela. Ho har fått ein kraftig søkjemotor på innsida.
Resultatet blir at mange av samaritanarane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av vitnemålet til kvinna. Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, står det.
I 2021 vart det av Sendt Norge gjort ei undersøking basert på erfaringar frå menighetsplantarar. I undersøkinga forsøkte ein mellom anna å identifisera faktorar som respondentane sjølv trakk fram for å lukkast med plantinga. Då var nettopp «troen på at evangeliet er gode nyheter for lokalmiljøet» trekt fram som den viktigaste faktoren.
Dette inspirerte meg; at motivasjonen og drivkrafta til dei som plantar er at dei trur at evangeliet er godt nytt. Fleire skal få ta del i evangeliet, som er Guds kraft til frelse, og også koma inn i eit livgivande fellesskap.
Då eg tidlegare las Arne Skagen sine bøker, fekk eg nytt lys over at hausten alltid er moden – for nokon rundt meg. Gud har lagt ein lengt ned i kvart menneskehjarta. Kven er desse menneska rundt meg, som er klar for eit steg vidare?
Under Misjonsråd i ImF nyleg, vart me utfordra nettopp på spørsmålet om me trur at evangeliet er godt nytt for menneske rundt oss.
Så heng dette spørsmålet også saman med spørsmålet om me er open for å ta imot nye menneske i våre fellesskap – eigentleg? Det kan bety endring i kultur, møteform og så vidare. Og har eg rom i eige liv for å ta imot nye menneske og inkludera dei i livet – eigentleg?
Det er lett å svara eit raskt ja, men det krev tid og prioriteringar. Utfordringane og spørsmåla er vel så mykje til meg som til deg. Gud har ein lengt etter fellesskap med alle menneske.
Kva er min lengt og ynskje for menneska rundt meg?