Meninger

TRYGG PÅ FERDA: Enn om eit kyrkjemøte vedtek liturgiske ordningar som ikkje samsvarer med Meisterens vilje? spør Ottar M. Myrseth.

Biskop Ottar M. Myrseth: Ein pussig diskusjon i kristen-avisene

Publisert Sist oppdatert

Ein pussig diskusjon dukka opp denne sommaren i kristen-avisene. Ei mor oppgav som motiv for å forlate Den norske kyrkja at det ikkje var trygt for borna å vekse opp der. Ein professor på NLA røkte etter om «trygg» er eit kjennemerke (sokalla «nota ecclesiae») som kvalifiserer ei kristen kyrkje. Han fann den ikkje korkje i Skrifta eller vedkjenninga. Er dermed alt sagt om korvidt ei kyrkje må vere trygg å vekse opp i?

Jesus tek i Bergpreika oppgjer med mange som vil tilhøyre og representere han og seier: «Ikkje alle.» Ikkje alle som kallar han «Herre» vil han vedkjenne seg. Ikkje alle er pålitelege. Ikkje alle som kallar meg «Herre» vil eg gjenkjenne, seier han. Ikkje alle som reknar seg som Jesus-folk.

Jesus brukar tvillingorda «høyre» og «gjere». Det er somme som høyrer og som vil høyre til, men som ikkje gjer etter det dei høyrer. Splittinga mellom «høyre» og «gjere» riv frå kvarandre ord og handling. Jesus avslører at der er ei tru som ikkje føder gode gjerningar, tre som ikkje ber god frukt.

Det er Guds motstandar som står bak denne splittinga. Namnet hans er «diabolos», som betyr «splittar».

Den tyske martyren Dietrich Bonhoeffer skriv i boka «Etterfølgelse» om billeg nåde. Billeg nåde er når menneske og kyrkjer satsar alt på at nåden dekkjer alle synder og etterfylgjinga difor ikkje er så nøye. Nåden gjer meg «ren og rettferdig himmelen verdig», og meir trengst ikkje. Dette er ikkje minst den lutherske kyrkja sin mare, seier Bonhoeffer. Det reformatoriske prinsippet, arven frå Luther, om nåden åleine gjer nåden billeg når etterfylginga vert underslått.

BISKOP: Ottar Mikael Myrseth, prest i Den nordisk-katolske kyrkja

Då kyrkja vart folkekyrkje og heile folket var blitt kristne, skjedde det til ein altfor lav pris, seier Bonhoeffer. Slike kyrkjer forkynner og deler ut sakramenta billeg. Ein døyper, konfirmerer og tilseier syndstilgjeving, ein øydslar med nåde i lange baner utan å kalle til etterfylging.

Den billege nåden opnar ikkje vegen til Kristus, kallar ikkje til etterfylging, men forherdar oss. Menneske vert då frårøva etterfylgjar-gleda. Slik går også kunnskapen om den dyre nåden tapt.

Enn om ei kyrkje har biskopar som høyrer Jesu ord, men som ikkje gjer etter dei. Enn om ho har leiarskap som byr fram «billeg nåde». Enn om eit kyrkjemøte vedtek liturgiske ordningar som ikkje samsvarer med Meisterens vilje?

Er det då underleg om orda veks i munnen på den som prøver å syngje «Ingen er så trygg på ferda som Guds barneflokk i verda»?

Powered by Labrador CMS