Debatt
REGJERINGA: På biletet ser vi utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) i Stortinget.
Alf Simensen/NTB
Tydeleg tale mot Kinas terror
Kva i all verda skal Noreg med frihandelsavtale med eit diktatur der politiet har ordre om å skyta fredelege demonstrantar – for å drepa?
For vel ei veke sidan kom nye sjokkerande avsløringar om Kinas brutalitet mot uigurar og andre tyrkisk-språklege minoritetar i den vestlege Xinjiang-provinsen. Kina kallar leirane, der minst ein million menneske er sperra inne, for skular eller omskoleringsleirar.
Men ei av avsløringane frå BBC og andre media fortalde at politiet har ordre om å skyta for å drepa folk som prøver å rømma. Dette er altså ein del av Kinas «skulepolitikk».
Lat oss kalla leirane det dei er: Konsentrasjons- og fangeleirar.