Debatt
KVA DU GJER: Å leva ut sin homofile legning er synd, ifølgje Bibelen, skriv Jostein Sandsmark.
Gorm Kallestad / NTB
Ubibelsk og villeiande frå Fresjarå Foldvik
Det var sårt å lesa artikkelen til Laila Fresjarå Foldvik i Dagen av 28.10. Den var ubibelsk og villeiande.
Du skriv: «Men vi har gjort homofilien til synden over alle synder.» Det er usant. Å vera homofil er ikkje meir syndig enn å vera svaksynt eller keivhendt. Men å leva ut sin homofile legning er synd, ifølgje Bibelen. Det er ikkje spørsmål om kva du er, men kva du gjer.
«Vi er håpløst fortapt uten Guds frelse og hans tilgivende nåde.» Ja, men kven får del i denne nåden?