Debatt

OASE: Eg trur rørsler som Oase som legg vekta på å bli fylt av Anden, er villspor. For Jesus la vekta på at han var sendt av Far, ikkje av Anden, skriv innsendaren.

Underordning og tillit

Publisert Sist oppdatert

Kjersti og Per Jensen (14/6) forkastar «hierarkiske» forståingar av underordningsbegrepet, fordi dei meiner hierarki og kjærleik ikkje kan sameinast. Medan Ola Hals (16/6) påpeikar at over- og underposisjonar er heilt nødvendige for å få samfunnet til å fungera.

Og eg trur Hals har rett, for i Luk 7,1–10 roste Jesus ein offiser for hans store tru, etter å ha høyrt han visa til militær kommandostruktur som grunngjeving for at Jesus som hærsjefen over alle hærsjefar kun trengte seia eit ord for å gjera tenaren frisk.

Og eg trur anerkjenninga av offiseren si tru har si rot i Skrifta sine «hierarkiske» far-son-strukturar, særleg den 21-ledda kjeden frå det første mennesket Adam til Jakob/Israel (1 Mos 5,1–32; 11,10–32; 1 Krøn 1,1–4, 24–27, 34) – med underordning under sine respektive fedrar som ei sjølvsagt norm (som Jakob rett nok braut då han lurte Isak).

Blant menneske gjeld underordning under sine foreldre mest dei første leveåra, og formelt oppheva når ein blir «myndig». Men mellom Anden, Sonen og Faderen har underordninga oppover mot Faderen inga aldersgrense. Og denne ordninga mellom Far, Son og Ande kjem etter mitt skjøn eintydig fram i Jesu undervisning, særleg i Joh 14,26; 15,26; 16,13–15 og 20,17.

Difor trur eg rørsler som Oase som legg vekta på å bli fylt av Anden, er villspor. For Jesus la vekta på at han var sendt av Far, ikkje av Anden (Joh 4,34; 5,36–37; 6,37–40; 7,15–18) – ulikt svermarane i Antiokia (Apgj 13,2–4) og i pinsekarismatisk kristendom.

Men parallelt med rangstigen der Faderen er øvst (jf. tittelen «Den Høgste»), 1 Mos 14,18–22; Sal 9,3; Klag 3,38 m.fl.), ser eg ein heilag-rangstige som går i motsett retning; at Anden er den som skal ha aller mest respekt – i lys av åtvaringa mot å spotta Anden, Matt 12,31–32.

Guds rike er slik eineståande; ved at respekt framfor alt skal gjevast til den som står lågast. Noko som gjev ei motvekt mot misbruk av hierarkiske ordningar, og dette gjev grunnlag for gjensidig tillit mellom overordna og underordna.

Men tillitsperspektivet er fråverande hjå Sigurd Grindheim (11/7). Han ser kun ein kamp mellom ulike viljar – ikkje at Far, Son og Heilagande samarbeider i fullkomne prosessar, annleis enn i verda der avgjerder blir fatta med fleirtalsvedtak slik at mindretalet må føya seg. Guds allmakt betyr altso ikkje at Far bestemmer åleine, men at Han utøver allmakta i samarbeid med Sonen og Anden.

Og Grindheim overser at Jesus fekk autoriteten sin (Matt 28,18), i tråd med Joh 5,19.30 der Jesus streka under at Sonen kun handlar etter det han ser/høyrer Faderen gjera – fordi han søkjer Hans vilje og ikkje sin eigen, slik me òg skal be i Fadervår.

Elles ser eg ei einsidig ekteskapsvinkling i denne ordningsdebatten, der fleire hevdar at kyrkja skal rekna seg som Jesu brud, lik ei kvinne som underordnar seg mannen sin.

Men i lys av Jesu støtte til offiseren i Kapernaum si tru, vil eg istaden framheva ættetavle-rangstigen frå Adam – også når me drøftar forholdet mellom kyrkja og Guds son.

For brureidentiteten gjer kyrkja feminin, og Jesus snakka aldri om Sonen si brur sjølv om han snakka om bryllaupet for kongsonen, Matt 22,1–14. Det må vera feil å identifisera seg med ein aktør som Jesus ikkje hadde fokus på. Istaden bør me tenkja som i 1 Mos 2–3 og Luk 3,38 at Sonen si brur er éi kvinne; Eva.

Powered by Labrador CMS