«Han har svekka eller fjerna mange miljølover, kutta løyvingar til miljøforvaltning og hoppa av Paris-avtalen», skriv Vidar Sætre om Donald Trump (biletet).

USA i førarsetet for en urettferdig vekstpolitikk

I økonomisk politikk trur eg altso at Guds ord viser ein annan veg enn dagens mammonistiske låne- og vekstpolitikk der USA og særleg Trump har vist seg som ein versting.

Publisert Sist oppdatert

På ny serverer Dagens redaktør ein lettvint høgrepopulistisk analyse, denne gongen (4/8) ved å rosa Trump sin økonomiske politikk.

Redaktøren viser til ein enorm vekst i aksjeindeksen Dow Jones – trass i ekstrautgifter med korona.

Men aksjeindeksar fortel berre om finansmarknaden sine forventningane til å tena pengar, og svært lite om den økonomiske politikken er berekraftig; om den bidrar til stabile gode samfunn og om den er på lag med miljøet.

For å motverka arbeidsløysa, valde Trump å låna pengar, og statsgjelda har auka frå 20 til 23 milliardar billionar dollar under hans styre, trass i at han for fire år sidan lova å redusera gjelda.

På kort sikt, i alle fall før korona, lukkast han med å få fleire i arbeid gjennom ny økonomisk vekst. Men USA og heile den rike verda inkludert Kina, lever som aldri før på lånte pengar.

Slik lever den rike verda på kunstige stimuli, for å sikra velferda gjennom stadig aukande aktivitet. Men den rike verda sitt enorme forbruk er eit stort trugsmål mot naturen og klimaet, og denne baksida av medaljen har Trump ignorert meir enn dei fleste.

For han har svekka eller fjerna mange miljølover, kutta løyvingar til miljøforvaltning og hoppa av Paris-avtalen.

Motivet hans er å hjelpa næringar som olje og gass, bilindustri, kol- og anna gruvedrift, og storbønder som brukar sprøytemiddel. Og sidan det er mykje pengar i desse næringane, har mange aksjekursar i USA stige.

Elles har mektige USA-baserte IT-firma (Amazon, Apple, Alphabet (Google), Microsoft og Facebook) tent på koronakrisa, og indeksveksten for desse har kompensert for koronatapet i andre næringar.

Og Dagens redaktør meiner altso at denne politikken er rett. Men fruktene på sikt er etter mitt skjøn svært dårlege; både for klimaet, lufta, vatnet og råstoffreservane på jorda, og for fordelinga mellom fattig og rik.

For aksjekapitalen i verda er i vesentleg grad samanvevd i store internasjonale selskap som også langt på veg eig kvarandre. Og auka profitt for finansielle superorganismar betyr dessverre ikkje godt nytt for folk flest.

Redaktøren bør kjenna Esek 18:4–9 om kva som kjenneteiknar rettferdige personar, mellom anna at ein rettferdig ikkje låner ut mot renter.

I kapitalistisk finanspolitikk er renter på lån ei viktig drivkraft, og dette stimulerer verda sitt overforbruk. For utan renter blir det mindre profitabelt å tilby lån, og mykje av den natur- og klimabelastande verksemda på jorda ville då ikkje vorte noko av.

I økonomisk politikk trur eg altso at Guds ord viser ein annan veg enn dagens mammonistiske låne- og vekstpolitikk der USA og særleg Trump har vist seg som ein versting.

Powered by Labrador CMS