Debatt
SP: Stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp) Jenny Klinge.
Heiko Junge
Usikre unge fortener å få vita at dei ikkje kan skifte kjønn, men at dei er gode nok som dei er.
I dag skal alt vera i flyt, men ikkje alt er det. Kjønnet vårt har vi livet ut, sjølv om vi naturlegvis kan føle oss, kle oss og te oss som det vi vil.
Usikre unge fortener å få vita at dei ikkje kan skifte kjønn, men at dei er gode nok som dei er og at dei kan vera seg sjølve i den kroppen dei har.
Dessverre er eit lovforbod mot konverteringsterapi som Stortinget kjem til å vedta i desember retta ikkje berre mot det å forsøke å påverke legning, men også kjønnsidentitet. Dette er eigna til å gjera terapeutar, lærarar og foreldre engstelege for å støtte oppunder det som er objektiv verkelegheit og støttande behandling for unge som er usikre på kjønnet sitt.